Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Aukande skadedyrproblem i åkerbønner og erter

NIBIO får stadig fleire førespurnadar.

FORVIKLINGAR: I erter er sommarfuglen erteviklar ei utfordring. Foto: Erling Fløistad
FORVIKLINGAR: I erter er sommarfuglen erteviklar ei utfordring. Foto: Erling Fløistad

Produksjonen av belgvekstar som åkerbønner og erter, har auka i Noreg. Men det har også omfanget av skadelege insekt, med øydeleggande konsekvensar for avlingane, skriv NIBIO på sine nettsider.

– Samstundes som produksjonen har ekspandert, har omfanget av plantehelseutfordringar også tatt seg opp, mellom anna avlingstap grunna insekt, seier Gunda Thöming, forskar ved NIBIO.

– For ti år sidan hadde eg to til tre spørsmål om skadelege insekt i løpet av sesongen. No får eg førespurnadar to til tre gongar om dagen, fortel Thöming.

FORSKEREN: Gunda Thöming, som mellom anna forskar på skadedyr på proteinvekstar ved NIBIO. Foto: Erling Fløistad, NIBIO
FORSKEREN: Gunda Thöming, som mellom anna forskar på skadedyr på proteinvekstar ved NIBIO. Foto: Erling Fløistad, NIBIO

NOKO AV BAKGRUNNEN er at det blir færre og færre sprøytemiddel (insekticider) tilgjengelege kvart år. Dessutan gjev klimaendringane betre tilhøve for skadedyra.

– Varmare vêr gjer det enklare for insekta å formeire seg. Dette er noko vi observerer generelt i mange kulturar.

Ho seier at Noreg ligg litt etter når det gjeld kunnskap om dyrking av proteinvekstar, men ute i Europa vert det mellom anna forska på kva slags alternative metodar som fungerer mot skadedyra.

– Som ein del av eit større forskingsprosjekt har vi no byrja å teste ut ulike alternativ til sprøytemiddel under norske forhold, fortel Thöming.

Annonse

DET STØRSTE PROBLEMET for dyrkarane av både åkerbønner og erter, er ertesnutebilla (Sitona lineatus). Den vaksne billa et blad og legg egg i jorda. Der vandrar larvane rundt i rotsystem og gneg på røter og nitrogenfikserande knollar, noko som kan redusere avlinga.

– Denne billa har vore her heile tida, men no har ho blitt eit stort problem. Lokalt har det vore så store angrep at heile planter veltar på grunn av gnaging i rotsystemet. Ein kan sprøyte mot dei vaksne billene, men finn ein vaksne, vil det allereie vere egg i jorda.

Ei anna utfordring utfordringa i åkerbønner er frøbilla, Bruchus rufimanus, som enno ikkje har norsk namn.

– Denne billa har hatt ei eksplosjonsarta utvikling i Sverige, der ho har gjort stor skade, og vi har hatt ein del førespurnadAr her heime om øydelagde frø dei siste åra.

– I erter er sommarfuglen erteviklar også ei utfordring, fortel forskaren.

SKADAR: For ti år sidan fekk forskarane ved NIBIO spørsmål om skadar på belgvekstar frå insekt to til tre gongar i løpet av sesongen. No kjem det førespurnadar to til tre gongar om dagen. Foto: Erling Fløistad, NIBIO
SKADAR: For ti år sidan fekk forskarane ved NIBIO spørsmål om skadar på belgvekstar frå insekt to til tre gongar i løpet av sesongen. No kjem det førespurnadar to til tre gongar om dagen. Foto: Erling Fløistad, NIBIO

– VI MÅ BRUKE FRISKE FRØ. Og vi veit er at det er viktig med god gjennomtenkt arealplanlegging og vekstskifte. Ikkje plant år etter år på same stad, eller dyrk åkerbønner og erter saman. Det finst modellar for god arealplanlegging og risikovurdering av skadedyrangrep som kan hjelpe, påpeikar Thöming.

– Det er også viktig å unngå samantreff med skadedyr og følsamt planteutviklingsstadium. Difor er det lurt å dyrke åkerbønner litt seinare og djupare enn det som er vanleg i dag. Då klarer ikkje så mange larvar å kome ned og gjere skade. Dette kan vere vanskeleg grunna kort vekstsesong, og difor testar vi no ut ein tidleg sort. Så langt er resultata lovande, opplyser NIBIO-forskaren.

Neste artikkel

Kornproduksjon i et våtere klima