Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Hausta 28 rundballar på 5 dekar

Har aldri fått større avling i førsteslåtten, men får berre to slåttar på delar av arealet.

I fjor var grasavlinga i førsteslåtten elendig, og andreslåtten tørka bort. I år var det rekordavlingar i førsteslåtten, men på grunn av tørke i juli blir det med to slåttar på mykje av arealet hos Henning Kolnes. Foto: Dag Idar Jøsang

– Eg har ein teig på 5 dekar. I fjor fekk eg berre ein rundball på det skiftet i førsteslåtten, mens i år hausta eg 28 ballar der.

Det fortel Henning Kolnes, som deltok i fjorårets avlingskamp.

Då Norsk Landbruk var på besøk på Lista i slutten av juni 2018 var mjølkebonden fortvila over tørka. Førsteslåtten var av god kvalitet, men liten i volum. Andreslåtten tørka bort, men i volum tredjeslåtten god. Til gjengjeld blei den veldig blaut.

På det 17 dekar store skiftet som var med i avlingskampen kunne listaværingen til slutt bokføre eit gjennomsnitt på 883 fôreiningar.

Til samanlikning kom han ut med 294 fôreiningar i snitt på heile det 800 dekar store arealet.

Men sjølv om enkelte teigar har gitt rekordstore avlingar har det ikkje vore ein problemfri sommar for bøndene på Lista i år heller.

Annonse

– Det var kaldt i heile mai, men me fekk litt regn jamt og trutt. Vêret var ustabilt, med vekselvis sol og regn, og det gjorde at me ikkje kom i gong med førsteslåtten før 10. juni. Det er ti dagar seinare enn normalt, og me var ikkje ferdige før 1. juli. Men avlinga var god. Eg trur ikkje eg har opplevd ei slik avling i løpet av mine 30 år som bonde, fortel han.

Kulda i mai, og regnbyger i starten av juni, forseinka førsteslåtten hos Henning Kolnes med ti dagar. Foto: Dag Idar Jøsang

Etter den gode førsteslåtten stoppa grasveksten opp på grunn av tørke. På grunn av at førsteslåtten var så sein blei grasstubben uvanleg kvit og gul, mens tørka gjorde at det tok lang tid før graset fekk hente seg inn igjen.

Derfor har bonden på Lista berre tatt andreslått på den beste jorde. Heldigvis gjorde 85 millimeter nedbør sist veke slutt på tørkeperioden, slik at det har blitt meir fart i enga igjen.

– Det fører til at eg berre får to slåttar på mykje av arealet dette året. Det byrjar nok å bli litt seint for dei bøndene som ennå ikkje har bestemt seg for om dei skal ta to eller tre slåttar. Det skulle dei nok gjort for eit par veker sidan, meiner Kolnes, som også driv med leigepressing.

Også i år har mjølkebonden hatt suksess med direktesåing i gammal eng.

– Eg har direktesådd med raigras i eng som har vore opptil 20 år gammal, og har veldig gode resultat med det. Eg høyrer det er andre som ikkje lykkast godt med det, men hos meg har det fungert veldig godt, fortel han.

Neste artikkel

Opptil halvparten av grovfôret gikk til spille i fôrhekk