Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Ny bok om kulturplanter

Nibio lanserer boka «Pion, pors og potet»

Hausting av vill kvann i fjellet har lange tradisjonar. Truleg er fjellforma av kvann opphav til den dyrka vossakvann. Vossakvann skil seg frå villforma - fjellkvann - ved at den har heilt eller delvis fylte bladstilkar. Dyrka vossakvann er søtare og mindre bitter enn sin ville slektning. Foto: Åsmund Asdal
Hausting av vill kvann i fjellet har lange tradisjonar. Truleg er fjellforma av kvann opphav til den dyrka vossakvann. Vossakvann skil seg frå villforma - fjellkvann - ved at den har heilt eller delvis fylte bladstilkar. Dyrka vossakvann er søtare og mindre bitter enn sin ville slektning. Foto: Åsmund Asdal

Til alle tider er planter blitt brukte til mat, medisin, krydder, husdyrfôr, klede, reiskap og bygningsmaterialar. Over tid får dei si eiga kulturhistorie. I NIBIO-boka «Pion, pors og potet» kan du lese meir om desse og andre norske kulturminneplanter.

Tråden i boka er plantelære, historie og økologi. Heile 53 artiklar og eit rikt bildeutval gir innsikt og forståing for dei tette banda mellom kulturplantene og menneska som har brukt dei.

Vi finn spennande fakta om alt frå eigenskapar og næringsinnhald til samfunnsmessig, medisinsk og økonomisk betydning av plantene.

Kva vi menneske treng, og kva vi vektlegg endrar seg gjennom åra. Planter tilpassar seg både trendar og lokale veksttilhøve. Planteforedlinga vil på si side reflektere slike endringar. Også dette kjem til uttrykk i boka.

Kvifor akkurat pion, pors og potet?

Fagredaktør for boka, Åsmund Asdal, ved Norsk genressurssenter er den rette til å svare:

– Heilt opplagt var det ikkje. Vi vurderte sjølvsagt ulike forslag. Rips, roser og rabarbra var og framme, men vi mangla rips blant artiklane. Pion, pors og potet har bokstavrim, rytme og korte ord som er enkle å ta inn, enkle å hugse. Det er ein del av forklaringa.

Porsblad. Foto: Per Arvid Åsen
Porsblad. Foto: Per Arvid Åsen

– Viktigare er det nok at kvar av desse tre plantene representerer sentrale grupper kulturplanter. Pion er ei vakker prydplante og potet ein viktig matplante, essensiell i norsk kosthald i generasjonar. Pors er kanskje ukjend for mange, men ikkje uvesentleg – ein viktig nytteplante frå naturen.

Artikkelen om pors er eit typisk døme på at tekstane på ulike vis kan gi lesaren ny innsikt. Vi får vite at «kraftig, men god lukt» gjorde pors til luftrensar og middel mot utøy. Økonomisk sett var den viktigaste bruken av pors som ølkrydder.

Betydninga av pors som nytteplante blir understreka ved at fleire stader i landet har fått namnet sitt oppkalla etter denne planten: Porsgrunn, Porsmyr – truleg også Porsanger, for å nemne nokre.

Asdal er glad for at tekstane som vart til for ti år sidan framleis blir opplevd interessante.

– Kanskje er stoffet vel så relevant i dag. Lokale plantesortar seglar i medvind. Dei representerer identitet og kontinuitet, og er viktige for lokal matkultur – mellom anna.

Han legg til at planter, mat og historie er ein kombinasjon som skaper interesse, og at han har god tru på at Pion, pors og potet derfor er ei bok som mange kan bli fasinerte av.

Annonse

Levande kulturminne

For vel ti år sidan nytta Norsk genressurssenter høvet til å markere Kulturminneåret 2009 på sin måte. Målet var å vise at planter kan vera levande kulturminne.

– Kulturminneåret gav oss ei opning for å fokusere på plantemangfald. Gjennom interessant kunnskap og historie kunne vi få fram kor viktig slikt mangfald er, kommenterer leiar av Norsk genressurssenter, Nina Sæther.

– Tilgang på genetisk variasjon hos dei dyrka plantene våre er avgjerande for utvikling av nye plantesortar som vi treng for å auke avlingar, handtere plantesjukdomar og for å tilpasse matproduksjonen til endra klima og villare vêr.

Norsk genressurssenter har lenge samarbeida med eit breitt nettverk av dyktige personar. Mellom dei er både amatørar og fagfolk – frå hageeigarar og bønder, til forskarar og ekspertar innan planteforedling, botanikk og historie.

– Genressurssenteret utfordra 53 av desse til å velje ein planteart eller -sort og skrive om den. Slik blei eit nytt planteportrett presentert kvar veke gjennom heile Kulturminneåret, fortel Sæther.

Eit mangfald av planter vart løfta fram: korn, grønsaker, frukt og bær, gras og kløver, medisinplanter, krydderplanter, prydplanter, tre og viltveksande nytteplanter. Serien fekk stor merksemd og er seinare blitt re-publisert. No er tekstane samla i Pion, pors og potet.

Boka inneheld eit mangfald av planter og historie, og eit tilsvarande mangfald forfattarar, språkdrakter og skrivemåtar.

Nina Sæther seier den ferske boka på denne måten både løfter fram plantene og viser Norsk genressurssenter sitt rike nettverk av fagfolk og entusiastar.

– Eit nettverk som er uvurderleg i arbeidet med å bevare kunnskap om og genene til historisk plantemateriale.

Fem fakta frå boka

Tulipan. «Den var hoffblomst hos sultan Suleiman i Istanbul på 1500-tallet og var gjenstand for «tulipanmani» og verdens første finansboble i Nederland i 1637.»

Seiersløk. «Fra vikingenes løkhager?» […] «I den eldre Frostatingsloven finner vi regler for salg av eiendommer: Dersom han har plantet en Angelicahave eller en Løghave, da kan han tage Halvdelen med sig af begge Dele og tillige afskjære Bladene paa Løgen inntil Midtsommer. Dette tyder på at bladene var viktige og ble brukt på en eller annen måte.»

Vossakvann. «Kvann ble betraktet som en delikatesse og ble spist fersk der hvor folk flest ikke hadde epler og pærer eller annen frukt. Ved sankthanstid dro man til fjells for å sanke kvann. I middelalderen ble det eksportert kvannrot fra Norge til kontinentet.»

Børsum, og andre hvetesorter. «Etter andre verdenskrig sank hvetearealet i Norge på grunn av overgang til skurtresker som høstemetode. Kornet måtte stå til det var bortimot lagringstørt, noe som ga dårlig kvalitet i norsk hvete på grunn av værskade.»

Ringerikspotet. «Knollene er røde i skallet og gule i kjøttet. Ofte er deler av karstrengringen som ligger innenfor skallet, mørk rødfarget. Formen er tverroval, og grohullene er dype.» […] «‘Ringerikspotet’ er en av potetsortene som, når den dyrkes i sitt opphavsområde, selges under såkalte geografisk beskyttede betegnelser.»

Saken ble opprinnelig publisert på Nibio sine hjemmesider.

Neste artikkel

Uheldig for norsk grønnsakproduksjon