Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Ny tørråte-variant etablert i Norge

Høgare sporeproduksjon og er meir aggressiv

Nøgde: Håvard Eikemo og Svein Håkon Wennersgård er nøgde med potetriset bak låven på Wennersgård i år, men dei er usikre på korleis det vil sjå ut neste år. Foto: Erling Fløistad

Ein ny genetisk variant av tørråte, kalla EU_41, er no etablert i Noreg. Denne har høgare sporeproduksjon og er meir aggressiv enn dei tørråtesoppane vi er vande med.

For bonden Svein Håkon Wennersgård har det ikkje vore mange pausar frå kampen mot tørråte denne sommaren. Wennersgård dyrkar potet, kålrot og korn på 600 daa i Ås i Akershus. Prognosane i VIPS har varsla fare for angrep de fleste vekene i sommar, men med gode råd frå lokal rådgivar i Norsk landbruksrådgjeving (NLR) har han halde tørråten i sjakk med tilgjengelege plantevernmiddel. No er riset svidd på dei felta som skal inn på lager, berre eit felt til industri står grønt igjen.

Forskar i NIBIO, Håvard Eikemo, har akkurat avslutta arbeidet med eit europeisk prosjekt for kartlegging av genetisk variasjon i potettørråte frå Noreg og fire andre europeiske land. Dei undersøkte om innsamla tørråte høyrer til ein spesiell genotype, kor alvorlege symptom den gir, tørråten sin evne til å bryta resistensgen i potetsortane og eventuell resistens mot kjemiske tørråtemiddel.

Eikemo forklarer at tørråten i Norden alltid har hatt større genetisk variasjon enn sørover i Europa. I tidlegare undersøkingar har det aldri blitt funne bevis for etablering av genotypar med til dømes auka aggressivitet eller redusert sensitivitet for kjemiske middel i Noreg. Slike klonar finns det fleire av rundt om på kontinentet.

Ulike preparat: Slik blir testing av ulike tørråteisolat for resistens mot tørråtemiddel gjort. Dei ulike rekkene med blader er behandla med ulike preparat. Foto: Vinh Hong Le

Spreiing av ein ny tørråtetype til eit område kan føra til at ein tidlegare resistent potetsort vert mottakeleg, eller at eit plantevernmiddel ikkje lenger kan brukast. Dei siste åra med data har avslørt spreiing av nye genotypar i fleire delar av Europa, og no har også EU_41 nådd Noreg.

Annonse

Testing viser at det er store skilnader mellom EU_41 og den vanlege tørråten i Noreg. Den har svært høg sporeproduksjon og kan angripa fleire potetsortar med resistensgen mot tørråte.

–Sjølv om klonen ikkje er resistent mot kjemiske middel kan eit angrep av denne genotypen verta meir alvorleg enn me er vande med, fortel Håvard Eikemo. I Danmark vart det sterke angrep av denne genotypen trass intensiv bruk av kjemiske middel i 2017.

Ein ny tørråteklon, EU_41, blei for første gong funnen i Danmark i 2013. Tre år seinare vart han funnen i tre ulike felt i Noreg. Karta over viser klonens utbreiing i 2014, 2015 og 2017.

I Ås klara Svein Wennersgård å halde tørråten i sjakk også denne sommaren. Men, om tørråten vert meir aggressiv, eller om det vert færre middel å ty til, må han legge om drifta. I år er til dømes siste året han kan nytta Reglone til nedsviing av potetriset, eit særs viktig tiltak for å hindre knollsmitte om hausten. Om det ikkje kjem eit godt alternativt middel vurderer han å slutte med potet for lagring. Det vert for risikabelt slik han ser det.

Fagkoordinator for potet i NLR, Borghild Glorvigen, peiker på at det er viktig å ha ulike plantevernmiddel å veksle mellom for å unngå utvikling av resistens. Om smittepresset aukar med endra klima og med nye tørråteklonar vert dette endå viktigare.

- Med forbud mot Reglone frå 2020 kan ein og rekna med auka bekjemping av tørråte fram mot hausting, seier Glorvigen.

Saken var opprinnelig publisert på Nibio sine sider og er gjengitt her med deres tillatelse.

Neste artikkel

Ingen ulovlige rester av sprøytemiddel i norsk mat