Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Så fort svelgjer jorda på Skaun unna ei rotbløyte

Dette bidrar gyllespreiing med slepeslange til å gjere med jorda di.

Sissel Hansen i NORSØK demonstrerer korleis ein kan måle infiltrasjonen i jorda. Foto: Skjermdump frå YouTube

At gyllespreiing med slepeslange er betre for strukturen i jorda enn å kjøre med stor traktor og tung møkkavogn er neppe ein kontroversiell påstand.

I eit tre år har Norsk senter for økologisk landbruk (NORSØK), NIBIO og Norsk Landbruksrådgiving hatt eit prosjekt for å finne ut kva som skal til for å lage ein jordstruktur som tåler både mykje nedbør og langvarig tørke.

Annonse

I videoen tar dei oss med til Skaun Økomjølk i Trøndelag, som hadde ein oppsiktsvekkande god kornhaust i 2015, som var året då mange kornbønder i fylket måtte søke om avlingsskadeerstatning fordi dei ikkje fekk treska kornet.

Seniorforskar Sissel Hansen ved NORSØK viser både korleis jordstrukturen ser ut, kor djupe gras- og kløverrøtene er i enga og demonstrerer kor stor vassgjennomstrøyminga, infiltrasjonen, er i jorda. Det er ein enkel test som alle kan gjere for å teste jordstruktur og infiltrasjonen i eiga eng og åker.

Neste artikkel

Lyst og luftig i nytt ammekufjøs