Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Skal forhandle lokal Urea Gjenbruk i nord

Hogstein Agro leverer urea fra Nordic Pharma i Troms som gjødsel til landbruket.

NITROGEN: Under presenninga har Odd Christian Stenerud lagra Urea Gjenbruk som han skal bruke til å auke nitrogeninnhaldet i kumøkka når han gjødslar neste sesong. Foto: Dag Idar Jøsang
NITROGEN: Under presenninga har Odd Christian Stenerud lagra Urea Gjenbruk som han skal bruke til å auke nitrogeninnhaldet i kumøkka når han gjødslar neste sesong. Foto: Dag Idar Jøsang

Forsøka med å erstatte mineralgjødsel i eng med husdyrgjødsel som er tilsett nitrogen ved å blande inn urea har vore ein suksess. Nå får også bønder i nord sjansen til å kjøpe urea som har vore brukt til å lage Omega 3-fiskeolje.

ETTER AT ODD CHRISTIAN STENERUD og selskapet hans, Hogstein Agro, blei forhandlar av brukt urea frå fiskeoljeprodusenten Epax i Ålesund, kom det også telefon frå Kaldfjorden i Tromsø.

– Eg skal forhandle 150 tonn urea frå Nordic Pharma. Det er ein fabrikk som produserer Omega 3-olje. Dei hadde blitt tipsa om heimesida til Hogstein Agro og tok kontakt med meg. Me har hatt eit møte og blitt einige om ein eittårsavtale, men tanken er at me skal etablere eit langsiktig samarbeid, fortel Stenerud.

UREA GJENBRUK FRÅ NORDIC PHARMA blir levert i storsekkar på 800 eller 1 000 kilo, og planen er å kunne levere i både Nordland, Troms og Finnmark.

– Bedrifta ligg ved ein kai og det er mogleg å frakte urea i storsekk med båt.

Annonse

Mjølkebonden på Godøya utanfor Ålesund har i eit tre år gjort forsøk med å blande inn brukt urea i husdyrgjødsla. I Norsk Landbruk nummer 20 fortalde Olav Martin Synnes, som er rådgjevar i Norsk Landbruksrådgiving, om gode avlingar i forsøk han har utført.

UREA: Odd Christian Stenerud (t.v) og rådgjevar Olav Martin Synnes med urea som dei blandar inn i husdyrgjødsel før gjødsling. Foto: Dag Idar Jøsang
UREA: Odd Christian Stenerud (t.v) og rådgjevar Olav Martin Synnes med urea som dei blandar inn i husdyrgjødsel før gjødsling. Foto: Dag Idar Jøsang

MED EPAX HAR HOGSTEIN AGRO avtale om å formidle mellom opp mot 1 200 tonn brukt urea. Gjødselgründeren er godt nøgd med mottakinga han har fått i landbruket.

– Det er ikkje så store mengder om ein samanliknar behovet landbruket har for nitrogengjødsel, men dei som omstiller seg kan spare mykje pengar. Så langt har me seld 300 tonn Urea Gjenbruk, og med det held produksjonen, men ein god del av dei me har vore i kontakt med har sagt at dei vil ha pengar på konto den 1. februar før dei bestiller gjødsel for neste år, seier Odd Christian Stenerud.

Neste artikkel

Nyttig, men tidkrevende