Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Bygde vippbart fôrbrett på utsida av fjøsen

Sparar 4 meter fjøsbredde med utvendig fôrbrett.

I den nye fjøsen til Lars Dyre Nærland fôrer han med en fôrmikser. Foto: Produsenten

Den nye mjølkefjøsen til Lars Dyre Nærland på Nærbø på Jæren skiller seg frå mange andre store robotfjøs. Den er ikkje delt av eit kjørbart fôrbrett i midten, noko som gjer fjøsen fire meter smalare enn den ellers ville vore, samt at dyrelogistikken har blitt veldig enkel.

Fôringa skjer med fôrmiksar på på eit utvendig fôrbrett på begge langsidene på fjøset. Når fôret er lagt på fôrbrettet kan fôrbrettet vippast opp i loddrett posisjon og bli ein del av veggen. Fôret fell då ned på eteplattingen.

– Det sparar arbeid, for det er ikkje bruk for fôrskyvar. Eg fôrar ein eller to gonger om dagen. Ofte berre ein gong, og det fungerer heilt fint, seier Lars Dyre Nærland.

Fôrar med fôrmiksar

Mjølkebonden har vald fôrmiksar med elevator, sjølv om det strengt tatt ikkje er nødvendig. Sjølve konstruksjonen fungerer som ein føringskant under fôringa.

Etter fôring kan det hydrauliske fôrbrettet vippast opp, og på den måten beskytte fôret mot fugleskit, vêr og vind. Foto: Produsenten

– Eg har elevator på fôrmiksaren. Då kan eg kjøre med god avstand til fôrbrettet når eg fôrar, fortel han.

At han slepp å kjøre på fôrbrettet gjer at det ikkje er fare for forureining frå traktorhjula. Smittepresset blir også redusert når fôret blir beskytta mot fugleskit, samt at det også blir beskytta mot vêr og vind.

Sparar pengar

Taksperra står med ei breidde på 21,7 meter, med 85 centimeter utstikk. Kva det har spart i byggekostnader har ikkje mjølkebonden rekna på ennå.

Annonse

Forbrettet, som er montert på utsida av veggen, er delt opp i seksjonar på fire meter. Sjølve konstruksjonen består av galvaniserte stålramer, som er hengsla til eteplattingen.

Over ramene er det montert ein gummiduk som er skrudd fast i ytterkant på rama, og motsett ende er festa inne på eteplattinga. For kvar 16. meter er det eit hydraulisk aggregat og ein sylinder. I dag løfter og senker ein fôrbrettet frå ein fast brytar på veggen eller ein fjernkontroll, men på sikt vil det også komme ein app for styring frå smarttelefon og nettbrett.

Slik ser langveggen på fjøsen ut når fôrbrettet er vippa opp. Foto: Produsenten

– Det vippbare fôrbrettet kjem i staden for betongveggen som normalt utgjøer den nederste meteren på ytterveggen. For meg var det viktig at det var stor nok åpning til ventilasjonsgardinene, slik at ventilasjonen blei ivaretatt på ein god måte. At fjøsen er fire meter smalare enn den ville vore med kjørbart fôrbrett gjer det også enklare å få til god ventilasjon, seier Nærland, som legg til at bygget har blitt rimelegare fordi han ikkje trengte store portar i kvar ende av bygget.

Samarbeider med oppfinnar

Serigstad Agri viste første gong fram produktet, som har fått namnet Serigstad Feed-Back, på Agroteknikk 2018. Det er den tradisjonsrike Jær-bedrifta som produserer og marknadsfører fôrbrettet, men ideen var det mjølkebonde Egil Byberg på Oanes på Forsand som hadde.

Fôrbrettet blir ein del av veggen når det er vippa opp og fôret blir liggande som i ei krybbe der det ikkje er behov for å skyve fôret inntil fôrhekken. Foto: Produsenten

Då Byberg planla ny fjøs i 2014 var han på utkikk etter ei enkel, effektiv fôrløysing som sparte plass og sikra god ventilasjon. Han fann ingenting som frista, men etter mykje grubling kom han fram til at eit vippbart fôrbrett var tingen.

Prototypen til den nye fjøsen laga han heime på verkstaden, og hausten 2015 blei den installert i fjøsen. Sidan den gong har Byberg samarbeidd med Serigstad Agri på Bryne.

Det vippbare fôrbrettet er bygd opp av seksjonar på 4 meter, men kan tilpassast alle lengder, opplyser Serigstad Agri.

Neste artikkel

Første år med nattestengt melkerobot