Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Ei gaselle i gjerder

Høgkvalitetsgjerder og gjerdemaskinar har blitt ein kjempesuksess for Karmøy-bedrift.

Dårlege gjerder er mange bønder sitt dårlege samvit eller store irritasjon. Ragnar Vikingstad sin forretningside om å dele kunnskap om gjerding har raskt bore frukter.

Når Dagens Næringsliv neste veke drar i gong ein ny runde med gasellekonferansar over heile landet viser superenkel forskning at firmaet HT-gjerde AS kvalifiserer som ei gaselle i norsk næringsliv.

Det første året omsette bedrifta for 1,2 millionar kroner etter at dei fekk ein kontrakt om å sette opp ei mil med gjerder for Karmøy kommune. I løpet av dei tre neste åra vaks omsetninga til 4 millionar, 12 millionar og i fjor omsette HT-gjerde AS for 25 millionar kroner. Nå kan bedrifta med base på Torvestad på Karmøy tikke av alle boksane som kvalifiserer til ei gasellebedrift.

Regnar Vikingstad kan sjå tilbake på ein eventyrleg vekst for HT-gjerde AS sidan oppstarten i 2014. Foto: Sten Dueland

– Det heile starta med at eg måtte ha noko å drive med etter at eg selde garden, og i 2014 kjøpte eg ein gjerdemaskin i Irland. Eg rekna ut at ut at eg måtte ha arbeid i to dagar i månaden for å dekke leasingkostandene, så risikoen var ikkje så stor, fortel Vikingstad.

Det balla fort på seg. Tanken var først at han skulle leve av å gjerde for andre, samt å importere og selje gjerdemaskinar og verktøy. Men grûnderen fann fort ut at det skorta på kunnskap om gjerding. Både dei som skulle sette opp gjerder og kundar trengde kunnskap og opplæring.

– Alle kan få stolpar i jorda og rulle ut netting, men når du ser på gjerder finnes det mange ulike hjørneløysingar og avstivingar rundt om. Me bruker for eksempel tjukkare stolpar i hjørnene, men doblar avstanden mellom pålane, seier han.

Annonse

Derfor fann Ragnar Vikingstad ut at han ville dele kunnskapen med fleire. I staden for å bli ein rein leverandør av maskinar, verktøy og gjerdemateriell har det til nå blitt 18 franchisetakarar rundt om i Sør-Noreg. Alle har fått opplæring for å komme i gang, og HT-gjerde supplerer dei med gjerdemateriell.

Hjørneløysingar med tjukkare stolpar og avstiving og gjerder i high tensile-kvalitet er "hemmeligheten" til HT-gjerde. Foto: Dag Idar Jøsang

– Eg har tidlegare jobba i Husdyr Systemer, Keenan og drive eigen forretning, og forstår meg på handel. Men eg har også stor interesse av å dele gode ting. Det motiverer meg eigentleg meir enn pengane. Eg har kunnskap so mange har bruk for og såg at viss eg kunne få fleire med på laget ville eg få større makt som innkjøpar. Viss ein driv åleine og skal kjøpe nokre pallar med netting har ein inga makt overfor leverandørane, og på den måten blir ein veldig låst til det leverandørane finn for godt. Nå er eg ein av dei største enkeltkjøparane hos ein del fabrikkar fordi me er mange lag og det gir oss større makt.

– Mi analyse sier at det er marknad for 25 til 30 franchisetakarar i Sør-Noreg, og har også planar for Nord-Noreg, fortel han.

I år reknar Vikingstad med ei omsetning på rundt 30 millionar kroner hos HT-gjerde AS. I tillegg har kvar av dei 18 franchisetakarane ei omsetning på mellom 1 og 4 millionar kroner, og sysselset opp mot 40 personar totalt.

– Eg ser ikkje føre meg at marknaden vil bli dårlegare dei neste åra og har som mål at omsetninga minst vil doble seg, til mellom 60 og 100 millionar kroner, i løpet av fire år, seier han.

Roland Efrosina med eit gjerdeaggregat fra engelske Opus. Foto: Dag Idar Jøsang

Det er i landbruket Vikingstad har rekruttert folk til å starte med bedrifter som driv med gjerding. Han meiner at bønder har blitt meir og meir pressa på tid på tid kostnader, og at det har blitt meir og meir vanleg å leige tenester.

– Alle skal ikkje ha ein gjerdemaskin. Dette er maskinar ein skal ha kompetanse for å bruke, og du skal ha arbeid til den. Då er det betre at folk samarbeider enn at alle skal drive for seg sjølv. Det er noko me treng meir av i landbruket, meiner Ragnar Vikingstad.

Neste artikkel

Demonstrerer gjerding på Agroteknikk