Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Frå gammal Steyr til splitter ny Claas Jaguar

«Bevegelsen» Tempo Gras har som mål å betale ned den sjølvgåande finsnittaren.

TEMPO: Asbjørn Velde (t.v.) og Harald Velde utgjer to tredeler av Tempo Gras i Vindafjord. Foto Dag Idar Jøsang
TEMPO: Asbjørn Velde (t.v.) og Harald Velde utgjer to tredeler av Tempo Gras i Vindafjord. Foto Dag Idar Jøsang

I pinsehelga kom ein splitter ny Claas Jaguar 850 til garden Velde i Vindafjord. Den rørslege sjølvgåande finsnittaren blei det nye flagskipet til Tempo Gras då den avløyste 2002-modellen av same merke.

Bak Tempo Gras står brørne Harald og Asbjørn Velde frå Vats, samt Øystein Matre frå Etne.

– Tempo Gras er ikkje ein organisasjon, men ein bevegelse, seier Harald og ler.

Målet til bevegelsen er ikkje å tene pengar på å vere grasentreprenørar, men å tene nok pengar til å betale ned maskinen.

– Me kjører på dugnad. Inntekta går til å betale ned maskinen, og innteninga består i at me betalar ned maskinen slik at me eig meir og meir av den, fortel han.

Men det var ikkje Jaguar det starta med for brørne som til dagleg er Claas-forhandlarar med Haugalandet som sitt kjerneområde. Det starta med ein Steyr 8320 i 2008. Ein redskapsbærar som blei kjøpt for å kjøre med slåmaskin.

Annonse

– Svogeren min sette oss på ideen om å kjøpe ein Kverneland Ten X slepesnittar og bygge den om. Det var ei Reodor Felgen løysing, men me fekk det overraskande nok til å funke. Det gjekk ikkje veldig fort, men me fekk då kjørt litt med den.

Den gamle Steyr-en er framleis i sving, men nå slår den gras med ein storslåmaskin, som nå er det norske namnet på butterfly-slåmaskinar hos Claas.

At den eigenkonstuerte finsnittaren fungerte ga brørne smaken på meir. Redskapsbæraren blei seld og i staden gjekk brørne over til ei eldre utgåve av den sjølvgåande finsnittaren John Deere 5460.

– Det blei nesten meir skruing enn kjøring. Planen var å ta det førebyggjande vedlikehaldet i rolege periodar på vinteren, men det gjekk vel knapt ein dag i slåtten der me ikkje måtte skru på maskinen, mimrar Harald Velde.

Etter eit par år blei det nok. Meir enn nok. Problemet var at brørne hadde tent ei gnist hos fleire bønder som hadde lagt finsnitta gras i både tårnsilo og stakk, og som var frista til å gå vidare.

I 2013 gjenoppsto bevegelsen som Tempo Gras. Øystein Matre har part i ei samdrift i Etne som hadde gått lei av rundballar, og gjekk med planar om å byggje plansilo med veggar. Så var dei tre om å kjøpe ein 12 år gammal Claas Jaguar.

Fleire og fleire kundar kom til. Så mange at trioen valde å kjøpe ein Jaguar til. Resten er historie, og den får du som er abonnent lese om i Norsk Landbruk i haust.

Neste artikkel

Varierende grovfôrkvalitet