Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Overvaking rett i Agrilogg

Du bestemmer sjølv kva sensoren skal overvake.

Jan-Øystein Aksnes (t.v.) i Agrilogg og Hallvard Helgetun i El-Watch samarbeider for å gi bonden sensorar til overvaking av drifta rett på mobilen. Foto: Dag Idar Jøsang

Ein liten trådlaus sensor i sikringsskapet oppdagar varmgang og brannfare før det tar fyr og gir deg beskjed på telefonen. Ein annan sensor gir deg beskjed dersom ikkje fôringsvogna tar den programmerte runden sin, mens ein tredje sensor gir deg oversikt over når det har gått folk inn og ut av fjøsen.

Morglegheitene for kva du kan overvake via ein app på telefonen er nesten uendelege. Og du får full oversikt i Agrilogg.

Sensorikken blir levert av firmaet El-Watch, som har base i Rindal på Nordmøre. I 16 år har dei levd av å levere sensorar til industrien, og nå vil dei også erobre norske gardsbruk med teknologien sin.

– Våre sensorar kan også brukast på eldre analoge maskinar. Det er bonden sjølv som bestemmer kva som skal digitaliserast, og alt blir overvaka og dokumentert i Agrilogg, fortel Hallvard Helgetun i El-Watch.

Sensorane er små som minnekort til eit fotoapparat og lette å feste til objektet du vil overvake. Det finnest sensorar for å overvake fuktigheit, temperatur, om ei dør opnar eller lukker og for å registrere om lyset er av eller på. Det finnest også ein trykksensor som måler trykk i luft og væske.

– Akkurat nå er me i samtalar med forsikringsselskap med reduksjon i forsikringspremien, fortel Helgetun.

Annonse

For bonden er data frå alle sensorane tilgjengelege i Agrilogg sin app for telefon, nettbrett og datamaskin.

For Agrilogg er sensormodulen det siste tilskotet av ei rekke nye funksjonar og oppdateringar. HMS-modulen som tilbyr sikker jobbanalyse, ein modul for lokal vêrmelding, gardskart, faktureringsgrunnlag for utført arbeid og oversikt over varelager er nokre av dei andre.

– Modulen for varelager kan for eksempel brukast til å halde kontroll på kor mange rundballar ein har på ulike lagerplassar, og gir beskjed når det snart er tomt, fortel Jan-Øystein Aksnes i Agrilogg.

Historia til Agrilogg er vel to år lang, og teknologibedrifta har i dag mellom 2 500 og 3 000 brukarar. I tillegg har dei samarbeid med halvparten av alle naturbruksskolane i landet, som brukar agriloggappen både for å dokumentere arbeidet som blir gjort på garden, og som undervisningsverktøy der elevane kan lage seg fiktive gardar og leike med i appen.

– Det neste me jobbar med er ein engelsk versjon. Den er både tenkt for tilsette som snakkar engelsk, og fordi me ser potensiale for Agrilogg i utlandet, seier Aksnes.

Ein annan funksjon han fortel vil komme er ein modul for dyrehald, som er ei vidareutvikling av beitehaldsmodulen.

Neste artikkel

Til Kina med antistoffer