Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

SJÅ VIDEO: Slår graset med robot

Kan Thorvald erstatte traktoren i slåtten?

Varselet frå meteorologane seier opphaldsvêr til utpå dagen neste dag. Slåtten må i beste fall vente til neste regnbye gir seg. Om ikkje roboten kan slå og samle inn graset då.

Graset i enga er i ferd med å skyte. For kvar dag som går utan at graset blir hausta, vil kvaliteten forringast. Men jorda er så vassmetta at ho ikkje toler ei vekt på fleire tonn frå traktor med slåmaskin og rundballepresse. Ho må få tørke opp før slåtten kan ta til.

Problemstillinga er relevant for mange norske bønder. Sommaren 2017 regna slått og grovfôret på Vestlandet nesten vekk. Neste regnbye var sjeldan langt unna, og mange stader var det knapt råd å komme ut i enga for å hauste grovfôr. Og når det endeleg tørka nok opp til at ein kunne ta sjansen på å hauste graset, var det overmodent og hadde tapt mykje av næringsverdien sin.

Tenk kva ein kunne oppnådd om graset blei slått sjølv om jorda var metta av vatn, utan at jorda tok skade? Tenk å kunne utnytte eit vêrvindu på nokre timar med opphaldsvêr, der graset blei slått, fortørka og sanka.

Annonse

På Fureneset gjennomfører forskarar ved NIBIO og NMBU i år eit forsøk med ein sjølvgåande robot med påmontert slåttebjelke, som slår graset. Neste år er planen også å bruke roboten til å samle inn det fortørka graset og frakte det til ein Orkel Compactor for pressing og pakking.

Maskina som blir brukt, er Saga Robotics sin etter kvart velkjende Thorvald-robot. Med ei breidde på 1,7 meter, lengde på 1,5 meter, eit lågt tyngde­punkt og drift på alle fire hjula, er han i stand til å ta seg fram og arbeide også på små og bratte teigar.

I det nye nummeret av Norsk Landbruk, som dumpar ned i postkassen til abonnentane våre i desse dagar, kan du lese om forsøket som NIBIO, NMBU og Saga Robotics gjennomfører på Fureneset. I artikkelen fortel NIBIO-forskar Synnøve Rivedal, og Pål Johan From, som er professor ved NMBU og dagleg leiar i Saga Robotics, om korleis dei ser føre seg at roboten kan erstatte traktoren i slåtten.

Men bruken av roboten Thorvald har komme nærare kommersiell bruk i jordbærproduksjon enn i grasproduksjon. Derfor har me også sett roboten i sving med å UV-behandle jordbær mot mjøldogg og planane om å plukke jordbær med robot neste sesong.

Abonnerer du ikkje på Norsk Landbruk kan du bestille abonnement her.

Neste artikkel

Anbefaler backup av presisjonsutstyret i traktoren