Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Stripespreiar for brattlendt landbruk

Lette og rimelege stripespreiarar tilpassa brattlendte vestlandsbruk med beresvak jord, er nisja til Bidne Mek og Sveis AS på Voss.

NORSK: Joar Bidne Horvei har produsert og selt 37 stripespreiarar sidan 2020, og til neste sesong kjem også V-serien, som faldar bommane saman oppover. Foto: Dag Idar Jøsang
NORSK: Joar Bidne Horvei har produsert og selt 37 stripespreiarar sidan 2020, og til neste sesong kjem også V-serien, som faldar bommane saman oppover. Foto: Dag Idar Jøsang

I sitt tredje år med produksjon av stripespreiarar har Joar Bidne Horvei testa ein prototype, som nå skal i produksjon for neste sesong. Kraftig prisauke på mineralgjødsel har gjort at bondens gull har auka i verdi.

– Bønder har blitt meir medvitne på å utnytte gjødsla betre, og då er dette utstyr som eignar seg godt. Mange stader på Vestlandet er nedfellar for tungt, stort og dyrt, mens ein stripespreiar er både lettare og rimelegare, framhevar Horvei.

30-ÅRINGEN DRIV Bidne Mek & Sveis AS, som bestefaren i si tid starta på heimgarden på Voss. Han såg ein marknad for stripespreiarar og leverte dei to første i 2020. I år har det blitt gjødsla med i alt 37 stripespreiarar frå BMS Agri, og dei aller fleste kundane høyrer heime i Vestland fylke.

– Det er mange aktørar på marknaden, og me er ein av tre norske produsentar. Låge kostnader og driftsutgifter gjer at me produserer utstyr som er tilpassa typiske vestlandsbruk relativt rimeleg. Stripespreiarane blir tilpassa etter ønskje frå kvar enkelt brukar, og me er serviceinnstilte og tilpassar oss kunden sitt behov, seier han, og presiserer at den nye modellen også kan brukast på gjødselvogner.

FILOSOFIEN ER Å BRUKE MEST mogleg hyllevarer, som er enkle å få tak i hos mange leverandørar, og overalt i landet. Alt design, stålarbeid og montering blir gjort lokalt, men fordelaren kjøper han hos nederlandske Alrena, som er eit dotterselskap av Bomech.

Annonse

– Me har ein eigenutvikla skjerm til å måle gjennomstrøyminga, som reknar ut køyrefart etter ønskja antal kubikkmeter gjødsel per dekar, fortel Horvei.

Stripespreiarane til BMS-Agri kjem i tre ulike breidder: 7,5 meter, 9 meter og 10,5 meter.

– Dei er ikkje av dei breiaste, men det er i denne marknaden me satsar.

DEN NYE PROTOTYPEN SOM Horvei nå skal starte produksjonen av fram mot neste sesong, faldar spreiebommane oppover, mens dei tidlegare modellane faldar dei bakover. Det nye prinsippet vil gjere stripespreiaren meir kompakt. Nøyaktig kor mykje han vil vege, veit han ikkje før alle endringane er gjort, men modellen på ni meter vil vege ein stad mellom 500 og 550 kilo.

– Prisen for bakoverfaldande bom på ni meter startar på 145 000 kroner, mens den nye V-serien truleg vil liggje på rundt 170 000 kroner for same breidda, fortel Horvei.

Neste artikkel

Nyttig, men tidkrevende