Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

To gule treskarar til Jæren

Tjalve Braut aukar kapasiteten og ønskjer seg meir leigekjøring med ny treskar.

SKURTRESKAR: Den eine større enn den andre. Til venstre New Holland CX 7.90 og til høgre New Holland TC 5.90. Foto: A-K maskiner Nærbø
SKURTRESKAR: Den eine større enn den andre. Til venstre New Holland CX 7.90 og til høgre New Holland TC 5.90. Foto: A-K maskiner Nærbø

Jæren er nok meir kjende for grønt gras enn for kornåkrar som duvar i nordavinden. Likevel er det nokre kornprodusentar også her. I følgje ein rapport frå NIBIO blei det dyrka vel 25 000 dekar korn av eit areale på i alt 991 000 dekar i 2017.

– Dei siste åra har me seld ein skurtreskar i året, men i år blei det to, kan Tor Egil Rosland i A-K maskiner på Nærbø fortelje. I år blei det to.

Tjalve Braut på Bryne har investert i ein New Holland CX 7.90. Den har eit 24 fot stort skjærebord og 34 tommars belte framme.

Tjalve Braut blir gratulert med ny tresker av Tor Egil Rosland fra A-K maskiner på Nærbø. Foto: A-K maskiner Nærbø
Tjalve Braut blir gratulert med ny tresker av Tor Egil Rosland fra A-K maskiner på Nærbø. Foto: A-K maskiner Nærbø

– Eg har 600 dekar korn sjølv, og så leigekjører eg litt. Tidlegare har eg treska rundt 1 000 dekar, men i år ønskjer eg mest mulig sidan kapasiteten er større. Gjerne 1 500 til 2 000 dekar. Men me har små åkrar på Jæren. Det er ikkje mange her på 100 dekar, fortel Braut, som treskar korn på Time og Klepp.

Treskaren han byter ut er ein New Holland med 18 fots skjærebord. Klimaendringar har gjort at vêrvinduene på seinsommeren har blitt kortare. Derfor trengs den ekstra kapasiteten. Det er også årsaka til at han valde ein treskar med belte.

BELTE: Med belter framme skal den store treskaren vere snill mot underlaget. Foto: A-K maskiner Nærbø
BELTE: Med belter framme skal den store treskaren vere snill mot underlaget. Foto: A-K maskiner Nærbø

– Det er mange som er skeptiske til store og tunge maskinar, men her veg belta opp for tyngden. Dei er 85 centimeter breie og nesten tre meter lange. Det gir ei stor bereflate, seier han.

Annonse

KJØPTE TIL BARNEBARNET

Halvanna mil lengre nord, i Sandnes, har Sigbjørn Todnem investert i ein New Holland TC 5.90 med 17 fots skjærebord. Men det er ikkje han sjølv som skal kjøre treskaren. Det er det barnebarnet Christian som skal.

– Nå har eg blitt 70 år og tenkte eigentleg at det var på tide å gi seg, men Christian er 22 og veldig ivrig, så eg tenkte at jaja, då får eg gi han ein ny treskar, seier bestefar og ler.

NY: Sigbjørn Todnem (t.v.) har kjøpt sin niande nye treskar, men er den den første gule. Foto: A-K maskiner Nærbø
NY: Sigbjørn Todnem (t.v.) har kjøpt sin niande nye treskar, men er den den første gule. Foto: A-K maskiner Nærbø

Omlegging til gras, veg- og bustadbygging har krympa kornareala i Sandnes. Det er tre kilometer frå garden på Stangaland til sentrum i Sandnes og berre ein kilometer til bustafelta på andre sida av riksveg 444.

– Areala har minka dei seinare åra. Nå har me 100 dekar, og så skjer me i alt rundt 500 dekar med leigekjøringa.

Korn og leigekjøring har dei drive med sidan far til Sigbjørn byrja å treske i 1960.

Eg tok over etter far, og har og har hatt åtte skurtreskarar opp gjennom åra. Det har vore Massey Ferguson-treskarar, men nå var Christian mest interessert i denne frå New Holland, seier Sigbjørn Todnem.

SKURONN: På veg heim for å gjere seg klar til skuronna. Foto: A-K maskiner Nærbø
SKURONN: På veg heim for å gjere seg klar til skuronna. Foto: A-K maskiner Nærbø

Neste artikkel

John Deere vs. Claas?