Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Dei umoglege forventningane

Då bondeopprøret feia over landet i fjor vår, tok det med seg både Bondelaget og Småbrukarlaget, og sette regjeringa i matt, om ikkje sjakk matt.

SJØLV OM NORGES BONDELAG hadde fått innspel frå 49 organisasjonar i landbruket, hadde dei ikkje fanga opp stemningsskiftet som førte til eit opprør. Ikkje ein gong Norsk Bonde- og Småbrukarlag hadde tatt signala om at bønder landet over, forlangte langt tøffare krav enn det dei hadde i tankane sine.

DEN STORMANDE MISNØYEN som bygde seg opp gjennom vinteren og våren 2021, blei så sterk at faglaga ikkje kunne sette seg til forhandlingsbordet med regjeringa ein gong. Sjølv om mykje tyda på at landbruksminister Bollestad hadde ein del å gå på i forhandlingane, nokre få månader før stortingsvalet. Det var rett og slett ingenting som monna. Det er så ein kan mistenke at eit statleg tilbod som oppfylte alle krava, også ville vore for lite. Og dette var før me verkeleg fekk føle på kostnadseksplosjonen, som ramma både landbruket og mange andre utover hausten.

SEINARE HAR DET KOMME pakker frå den nye regjeringa. For å kompensere for auka pris på gjødsel og byggjevarar per 1. september, samt på straum frå desember til og med mars. Alt anna som har auka i pris, er i skrivande stund henvist til jordbruksoppgjeret denna våren. Det etterlatne inntrykket er at alle andre legg på prisane, i takt med auka kostnader, som det er den naturlegaste ting i verda, mens bøndene og landbruket er bundne. Så spørs det om den drahjelpa Senterpartiet fekk frå bondeopprøret, og brotet i jordbruksforhandlingane fram mot stortingsvalet, vil vere til nytte, eller bli ei svøpe, når Sandra Borch blir motpart under årets jordbruksforhandlingar. Mykje tyder på at både faglaga og Borch, skal slite med å innfri forventningane, sjølv om både krav og tilbod blir historisk høge.

EIT STORT SPENNINGSMOMENT i år er prioriteringane internt i faglaga og mellom Bondelaget og Småbrukarlaget. I fjor skjedde det oppsiktsvekkande at det blei kamp om historiefortellinga etter brotet, og i krangelen valde Bondelaget å offentleggjere forhandlingsposisjonen sin, og blottla med det også kva produksjonar Småbrukarlaget prioriterte. Det førte til sinne hos mange ammekuprodusentar. Mange av dei hadde slåst for eit løft for ammekua og endeleg lykkast. Ammekunæringa skulle prioriterast, saman med sau og korn. Så blei dei forhandla vekk av Småbrukarlaget, og ofra av Bondelaget i forhandlingane. Realiteten var at det ikkje betydde noko som helst, fordi det ikkje blei nokon jordbruksavtale med staten, men det svei å føle på sviket.

MANGE I AMMUKUNÆRINGA meiner at dette slaget var vel så tøft å takle som kostnadseksplosjonane som kom seinare på året. At heile næringa kan få seg ein knekk, som først vil vise seg i år. Forhåpentlegvis har rykta om alle som har gitt seg, eller bestemt seg for å slutte, tatt litt av. At dei fleste gir det ein sjanse til. Men det vil sette den unisone semja i bondeopprøret på prøve, når alle typar produksjonar er misnøgde. For det er neppe pengar til å gjere alle fornøgde. Krav om jamstelling eller ikkje. Det er vanskeleg å sjå korleis landbruksminister Sandra Borch kan levere på forventningane. Om faglaga krev seks milliardar kroner i eit historisk krav, er det ikkje nok pengar til å gjere alle fornøgde. Spørsmålet er om dei ulike næringane og faglaga har vilje til å prioritere. Deretter er det eit spørsmål kven dei ønskjer å prioritere, eller om dei ønskjer å prioritere, når alle meiner at dei må ha eit kraftig løft. Forventningane er enorme hos alle, og truleg umoglege å innfri.

Neste artikkel

Henter halve fôrrasjonen på beite