Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Det er liv i samvirket

Det har vore god kok i diskusjonane rundt landbrukssamvirket og private bedrifter i landbruket dei siste vekene. På godt og vondt.

Arkivfoto: Norsk Landbruk
Arkivfoto: Norsk Landbruk

I GUDBRANSDALEN har det lenge vore strid om lojaliteten til Nortura, etter at slakterisamvirket bestemte seg for å leggje ned slakteriet på Otta. At Nortura har starta produksjon av turmat i dei gamle slakterilokala, har ikkje lagt nokon stor dempar på debatten. Sjølv om ein del av dei lokale bondelaga slit med å ta stilling til om heimkommunane bør gi støtte til eit nytt, privat slakteri, har Gudbrandsdal Slakteri AS fått med seg både Fatland, Jæder og fleire av kommunane på å reise kapital. Det store spørsmålet er kva som vil tene bøndene som har levert til Nortura på Otta, på lang sikt. Er alle garantert å få levere til det nye slakteriet på like vilkår? Vil slakteriet ha henteplikt? Om ikkje ei nedfelt plikt, så vil Gudbrandsdal Slakteri gjere det i praksis, lovar dei som står bak det nye slakteriet.

IRONISK NOK, vil kanskje mange seie, er det mjølkeprodusentane som leverer til Q-Meieriene, som den siste tida har ropt høgast om solidaritet, henteplikt og samvirketankegang. Mange Q-meierileverandørar har reagert kraftig på at sjefane i Q-Meieriene, meiner det er rimeleg at dei skal sleppe å betale inn pengar til prisutjamningsordninga, viss Tine får gjennomslag for å endre på tilskuddsordningar som har gått ut på dato hos staten. Det tok ikkje lang tid før Facebook blei fylt med innlegg etter innlegg med sinte gloser i retning Q-meierisjefane Bent Myhrdal og Kristine Aasheim. Er du ikkje relativt stødig i tolking av korleis jærsk talemåte ser ut i skriftleg form, trur eg kanskje at sjansen for å gå glipp av nyansar i språket, var relativt stor, men hovudbodskapen var likevel ikkje til å misforstå.

Annonse

OM DET HADDE VORE like lett å melde seg ut av Q-Meiriene og inn i Tine, som det er å bytte partimedlemskap eller bokklubb, ville det truleg ha ført til eit spontant rush av mjølkeprodusentar til Tine. Så lenge det også står om elitemjølkansiennitet, vil nok mange tenke seg om to gonger. Det er likevel eit signal om at dei som meiner me kan gravleggje samvirketanken i det norske landbruket, også bør tenke seg om ein ekstra gong. At folk i delar av Gudbrandsdalen framleis er forbanna på Nortura, er det lett å forstå og ha sympati for, men for bonden kan det i neste omgang stå om meir enn forholdet til eit lokalt slakteri eller meieri.

DEN TIDLIGARE HØGRE-POLITAKAREN Arne Rettedal sa ofte at det berre var ein måte det offentlege helsevesenet kunne overleve på. Det var ikkje ved å hindre private løysingar, men ved å sørge for at det offentlege helsevesenet leverer gode tenester til folk. Slik er det med landbrukssamvirket også. Den einaste måten landbrukssamvirket kan og bør overleve på, er ved å levere gode varer og tenester både til eigarane sine og til forbrukarane. Landbrukssamvirket må vere mektige nok til at dei kan forvalte ideen om eit livskraftig landbruk over heile landet, men ikkje så mektige at det nærmar seg monopol.

I GUDBRANDSDALEN MEINER EG at samvirkebønder skal tenke seg godt om, før dei ofrar slakterisamvirket i forbannelse, og stole på garantiar om at eit nytt slakteri vil hente og levere hos alle. Samstundes er eg imponert over Q-meieribønder på Jæren, som seier så klart ifrå når Q-Meieriene utfordrar prisutjamningsordninga. Det er nok mange årsaker til at misnøyen mot Q-Meieriene har ulma i lang tid, og at dette berre var ein stor dråpe, men det kan jo minne resten av landet om at nokre av kjerneverdiane til landbrukssamvirket, er viktige som aldri før.

Neste artikkel

Interessen for Thorvald har eksplodert