Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Eg kryp til krossen

Det er ikkje alltid ein treff like bra når ein baserer heile resonnementet på historisk erfaring. Det er ikkje det.

I ALL MIN *kremt* VISDOM presterte eg å argumentere for å ta ned forventningane til jordbruksoppgjeret i ei ytring i Norsk Landbruk tidlegare i år. Tittelen var «Dei umoglege forventningane». Ytringa blei skriven mens Bondelaget og Småbrukarlaget framleis sat i kvar sin tenkeboks og prøvde å finne ut kva dei skulle kreve av staten. Eg konkluderte med at uansett kva dei landa på, så ville det ikkje vere nok til å oppfylle forventningane der ute hos dokker medlemmer. Og det same med regjeringa. Når ville Arbeidarpartiet seie stopp, og nok er nok, til eit Senterparti på nedtur. Eg var skeptisk. Eg trudde at både krav og tilbod ville komme til å skuffe grasrota.

EG ER GLAD FOR at eg aldri tok eit veddemål på kor høgt kravet ville bli, for talet eg ville vedde på, hadde ikkje vore i nærleiken av 11,567 milliardar. Eg var heller ikkje den på huset som tok hardast i, då me gjetta på tilbodet. Rett nok var eg ikkje SÅ langt unna dei 8,9 milliardane som var samanliknbart med kravet, men eit tilbod på 10,15 milliardar var ei bra finte frå regjeringa. I ytringa skreiv eg at mykje tydde på at både krav og tilbod ville bli historisk høge, men eg skal uansett ikkje snakke meg vekk frå at eg tok grundig feil.

Annonse

AMMEKU VAR DEN NÆRINGA eg via mest merksemd i ytringa, for det kokte godt i den leiren etter jordbruksforhandlingane i fjor. Mange følte seg minst like mykje svikta av Bondelaget som av staten. I år har reaksjonane vore meir harmoniske. Ikkje fordi dei viktigaste krava er oppfylte, men fordi ammeku også fekk. Eg var nyleg på besøk hos Kristian Hovde i Brumunddal, som i vår skapte overskrifter fordi han hadde meldt heile ammekuflokken til slakt. Planen hans var å byggje nytt fjøs til ammekua. Nå er fjøsen bygd, men der skal det gå mjølkekyr og slaktegris, for ammekua kan ikkje forsvare investeringa i eit nytt bygg. Nå er det mange av dei større ammekuprodusentane som vil ned til 50 mordyr. Det blir ikkje fleire bønder som kan hente heile inntekta si frå landbruket av slikt.

NOK OM DET. Etter rapportane å døme, var det god stemning på Bondetinget. Noko opprør blei det aldri. Alle som ønskte attval, fekk attval. Like harmonisk har det ikkje vore i Norsk Bonde- og Småbrukarlag. Der skapte det rabalder at Kjersti Hoff skreiv under på jordbruksavtalen, og så gjorde ho det kjent at ho ikkje tar ein ny periode som leiar. Også nestleiar Ola Fiskvik takkar for seg. Inn frå sidelinja kan ein profilert bondelagsmann komme: Tor Jacob Solberg. Det har skapt begeistring i store delar av småbrukarfamilien og blant bondelagsmedlemar. Ein god del har varsla at dei kan tenke seg å slå følgje med bondeopprøraren til NBS.

KVA VIL DET i så fall føre til? Vil maktbalansen bli endra? Vil Småbrukarlaget endre seg politisk? Vil Bondelaget endre seg? Kva vil det få å seie for maktbalansen mellom dei to? Kva om #Bondeopprør21 blir til #Bondeopprør22, og så til #Bondeopprør23? Dette skal bli veldig interessant å følgje. Om ein «storbonde» frå den mest grøderike delen av Noreg kan utvikle og stå for ein politikk som tilfredsstiller medlemmene i NBS, skal bli uhyre interessant å følgje med på, om han blir vald. Underteikna skal, klok av skade, nøye seg med å spørje, og ikkje spå, og heller vente og sjå.

Neste artikkel

Hva har egentlig noen verdi?