Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Ein tur til framtidsgarden

Dei dummaste bøndene får dei største potetene, heiter det i eit tysk ordtak.

Ordtaket er eit bilde på nokon som slumpar til å tene mykje pengar, utan først å leggje ned ein mental innsats. Ein skal ikkje forstå det slik at det lønner seg for potetdyrkarar å vere kunnskapslause, og ikkje bry seg. Kunnskapsløyse lønner seg berre unntaksvis. Kanskje særleg for bønder?

Det vil alltid vere mogleg å finne ei nisje som kastar av seg, utan at ein er frampå med siste nytt i maskiner og teknisk utstyr. Men for mange dukkar det stadig opp nye måtar å bruke teknologi til å drive smartare. Mange byrjar å få erfaring med GPS, autostyring, seksjonsavstenging, N-sensor, bruk av satellittar og liknande. Nyleg sådde ein liten, dansk, sjølvgåande robot 300 dekar raps på 27 timar. Berre for å vise at det er mogleg. Biodrone AS er eit norsk selskap som vil bruke droner til å så, gjødsle og sprøyte frå lufta. Eksempla er mange.

Før sommaren besøkte eg Snertingdal, der Petter og Monica Klette driv eit mjølkebruk som liknar på mange andre mjølkebruk eg har besøkt i mi tid som journalist i Norsk Landbruk. Eit relativt stort bruk i norsk målestokk, med ei mjølkekvote på 525 tonn. Petter er også spesialrådgjevar i Tine og sentral i prosjektet Future Farm, der Tine er ein av aktørane. I Future Farm har dei fleire prosjekt som peikar fram mot spennande, teknologiske løysingar, som offensive mjølkebønder kan ha stor nytte av om få år.

Annonse

Eitt av prosjekta går ut på å bruke drone til å fotografere utviklinga til grasavlinga i vekstsesongen. Saman med data henta inn frå satellittar, vêrstasjonar og X-NIR-målingar, skal dette brukast til å kalkulere når det er optimalt for mjølkeprodusenten å hauste graset. Under optimale forhold skal proteinnivået passere toppen, før det er ideelt å hauste det. Teknologien skal også gi råd om kva rekkefølgje skifta bør haustast i, ut ifrå kva som er mest lønnsamt. Det optimale haustetidspunktet for kor mykje fôr bonden treng for å komme gjennom vinteren og kor stort bufferlageret av grovfôr er. Om bonden må ta høgde for fôrmangel, blir volum prioritert opp.

Ei anna grein av Future Farm-prosjektet kan bli å skape ein ny marknad for rundballar. For å seie det enkelt: I dag står mjølkeprodusentar på den eine sida og vil betale minst mogleg for ein rundball, fordi fôrkvaliteten på det som er å få kjøpt, er så ymse. På den andre sida står grasprodusentar som prioriterer å lage flest mogleg rundballar, fordi det er så få bønder som betalar for kvalitet.

Derfor er det berre ein marknad i ubalanse som avgjer om prisen på rundballar er høg eller låg, og ikkje kvaliteten. Om ein betre kan dokumentere fôrkvaliteten i rundballen, vil betalingsviljen hos mjølkeprodusentane bli meir differensiert, slik at det faktisk vil lønne seg å prioritere kvalitet over mengde. Og viss ein grasprodusent veit det finst betalingsvilje, vil det få fleire til å ta tidleg slått, sjølv om det blir færre rundballar av det.

På den måten kan det også oppstå ein ny marknad, der bonden kan bestille gras av ein ønska kvalitet før sesongen. Grasprodusenten veit då at ein vil få betalt for å levere kvalitet, og kan leggje opp produksjonen etter det.

Då vil ein kunne få ein rundballemarknad som er mykje meir differensiert på pris og kvalitet, noko som vil vere til glede og nytte for både bonden som kjøpar, og for produsenten som seljar. Derfor kryssar eg fingrane for at prosjektet blir noko av.

Neste artikkel

Planlegger grasavlinga med drone