Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Eit gigantisk problem i emning

Blir bonden sitjande igjen med svarteper og millionrekning for fjøs som rustar, fordi ansvaret ikkje kan plasserast hos verken leverandørar, forsikringsselskap eller staten?

Foto: Dag Idar Jøsang
Foto: Dag Idar Jøsang

Det høyrer til unntaka at me skriv om fjøs og husdyr i eit plantespesial i Norsk Landbruk, men reportasjen frå fjøsen til Arne Andreassen kunne ikkje vente. Då han skulle vaske sin halvtanna år gamle ammekufjøs i sommar, oppdaga han at innreiinga var full av rust, der ho var støypt ned i golvet. Det viste seg raskt at fjøsen hans ikkje var den einaste som hadde rusta. Problemet kan vere gigantisk.

Arne Andreassen rår alle som har bygd fjøs etter forskrifta, som jordar all innreiing og armering, om å sjekke om galvaniseringa har tatt skade. Ved eit tilfelle skal kyrne ha stått med bøylane til liggjebåsrekka over nakken då bonden kom i fjøsen. I skrivande stund er det neppe nokon som har oversikt over kor mange fjøs det er avdekka rust i. Faren er også stor for at me berre har sett toppen av isfjellet. Det store spørsmålet er kor mange som er ramma, og kven som har det økonomiske ansvaret for å rette opp skaden. For dette kan bli dyrt. Frykteleg dyrt.

I fjøsen i Vikebukt må heile innreiinga demonterast. Ein stad mellom 60 og 80 sto­lpar som er støypte ned i fjøsgolvet, skal fjernast ved kjerneboring. Ny innreiing skal på plass. Det er arbeid for fleire personar i mange dagar. Andreassen får ingen direkte kostnader. Felleskjøpet og DeLaval tar rekninga. Det er betalinga for tort og svie, og alle timane han har brukt på å tileigne seg kunnskap for å påvise årsaker og samanhengar. Det sparar ikkje berre Felleskjøpet og DeLaval for pengar i framtida. Det løyser ei stor utfordring for heile bransjen.

Annonse

Men at fjøsleverandørar og elektriktarar kan frikjenne seg sjølv, hjelper ikkje nødvendigvis bønder med fjøs som allereie har skadar på galvaniseringa. Sjølvsagt kan ingen klandre dei for å ikkje ta rekninga når arbeidet dei har gjort, er heilt etter boka. Så kan det sikkert vere forskjellar på korleis ulike leverandørar har opptredd mens dette har vore ei uløyst gåte, men det får liggje i denne omgang.

Intensjonane då forskrifta NEK 400 blei endra, var dei aller beste. Landbruket sjølv skal ha vore ein viktig pådrivar. Det same skal forsikringsselskapa òg ha vore. Konsekvensane var utilsikta. Eg fryktar at det kan gjere det vanskeleg å få nokon til å ta ansvar for å betale rekninga. Det første landbruksbyggbransjen peikar på, er forsikringsselskapa. Tida får vise kor stort ansvar for kostnadene ved å bytte ut fjøsinnreiing, forsikringsselskapa er villige til å ta, utan knussel. I juni skreiv me om Tom-Rune Davidsen frå Vega, som fekk øyelagt gjødselkjellaren på grunn av ein jordfeil. I sommar måtte han selje både dyra og mjølkeroboten, fordi han ikkje kunne ta risikoen med å drive. Forsikringa var verdilaus. Ikkje ein gong avbrotsforsikringa ga ei krone.

Når alt kjem til alt, er det Norsk Elektroteknisk Komité (NEK) si forskrift som gjer at mange bønder har hamna i denne knipa, der ein må ta eit stort, øko­nomisk løft for å hindre at levetida til fjøsen blir dramatisk redusert. Ein ting er om NEK kan og vil endre forskrifta, slik at ein reduserer faren for problem i bygg som er under oppføring.

Noko anna er det om staten tar ansvar for dei som har problemet i fjøs som er bygde etter standarden. Det aller mest urimelege utfallet er at bonden må ta kostnaden, men historia om korleis staten har behandla pelsdyrbøndene, gir inga god magekjensle. Eg ville ikkje ha kjent meg trygg på at staten tar ansvaret. Dei har ikkje noko betre rykte enn forsikringsselskap når det gjeld å komme seg unna eit ansvar som kostar, sjølv om det er den mest uskyldige parten som må lide.

Neste artikkel

Selvforsynt på egen jord