Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Endeleg på sporet

Slit du med sporer i mjølka? Fatt mot. Det treng ikkje vere du som gjer noko galt.

I 2016 besøkte eg Lista for første gong. Vintervêret var like skiftande der som eg er van med heimefrå. Det var mildt, med kuling og regn den eine dagen, og ein nydeleg vårdag den andre. Midt i februar fekk eg årets første bilde av gjødsling med gylle. På denne turen besøkte eg brørne Arne og Sven Gunnar Kolnes. Førsteinntrykket som eg fekk på Kåde gård, var ikkje så veldig spesielt. Bøndene me besøker er oftast både hyggelege og flinke, og har ei positiv og god historie å fortelje.

Slik var det denne dagen på Lista også. Eg fekk ei kort omvisning i den nye fjøsen, fekk sjå korleis fôringslogistikken var og sett på fôringsdyra i den gamle fjøsen. Eg kan ikkje lenger hugse om eg hadde eit spesielt mål med besøket, eller om historiane berre blei til i løpet av praten rundt lunsj­bordet i fjøsen. Eg kom i alle fall tilbake med tre historiar. Ein om grovfôrkostnader, ein om sinkufôring og ein om maskinkostnader. Det er ikkje veldig vanleg.

Brørne kolnes kunne nemleg servere ferdige dokumenterte reknestykke, som viste at dei produserte grovfôr til ei krone og 16 øre per fôreining. Dei hadde fôra sinkyr på halm og kutta ut kraftfôr før kalving, lenge før det blei god tone blant norske fôrrådgjevarar. Og dei visste nesten på krona kva kvar einaste traktor og maskin hadde kosta dei, sidan dei tok over garden i 1989. Kvart eit spørsmål fekk eit konkret og veldokumentert svar.

Men det var ein ting Arne og Sven Gunnar var fortvila og frustrerte over: Dei sleit med sporer i mjølka og greidde ikkje å finne ut kvifor. Ingen kunne fortelje dei kvifor, men likevel følte brørne at alt ansvaret for sporeproblemene, blei lagt på dei. Tine straffa mjølkeprodusentane med trekk i mjølkeprisen, men rådgjevarapparatet kunne ikkje gi andre råd enn å vere nøye med hygienen, både i fjøsen og på jordet.

Annonse

Det gjekk på æra og sjølvtilliten laus.

Sagt med andre ord: Årsaka til at dei sleit med sporer, måtte vere at dei slurva. Ting blei ikkje gjort nøyaktig og godt nok. Det gjekk på æra og sjølvtilliten laus. Presset førte mellom anna til at Sven Gunnar gjekk heilt i kjellaren og var sjukemeldt i eit halvt år. Det medførte at dei ikkje har tatt sjansen på å auke mjølkekvoten etter at dei flytta inn i den nye fjøsen, sjølv om dei har kapasitet til det. Ei stund vurderte dei også å selje kvota.

Så ein dag kom vendepunktet. Eit meir eller mindre tilfeldig besøk frå ein seljar, sette mjølkebøndene på sporet. Dei blei frista til å prøve mjølkesyrebakteriar som ensileringsmiddel, i staden for syre. Utan å ha den heilt store trua, prøvde dei først ut det biologiske ensileringsmiddelet i ein silo. Det var i det gode året 2016. Resultatet var oppsiktsvekkande. Talet på øydeleggjande bakteriar var berre tresifra. Året før var det halvannan million i eitt gram fôr.

I den ekstremt våte 2017-sesongen fungerte det biologiske ensileringsmiddelet endå betre. Stikk i strid med all teori dei hadde lest og høyrt. Teori som sa at syre, rikeleg med syre, var det einaste som ville fungere. Resultatet av hygieneprøvane viste at det knapt var mogleg å telje øydeleggjande bakteriar.

Samstundes kan Tine Rådgiving nå vise til forsøk som peikar i same retning: At biologiske ensileringsmiddel og Kofasil kan vere løysinga. At me framleis ikkje veit nøyaktig kvifor smørsyresporene formeirer seg, kan me leve med enn så lenge, men det er nesten litt tragisk dersom sporeprosjektet blir lagt ned når ein endeleg kan vere nær løysinga. Det viktige nå er at alle som slit med sporer, kan få gode råd om korleis dei skal komme ut av spiralen. Dei som er flinke med reinhald i fjøsen, slår med høg stubb og passar på at riva ikkje rotar i molda, kan fatte nytt håp. Det er ingen grunn til å gå i kjellaren. Dette kan faktisk gå bra.

Neste artikkel

Salg av rå melk bør forbys