Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Farvel teljedato

Det nærmar seg slutten på tida då storleiken på produksjonstilskotet blir bestemt av kor mange dyr du har i fjøsen 1. mars og 1. oktober. Bør me gjere eit liknande grep med arealtilskotssonene?

Foto: Kristin Bergo
Foto: Kristin Bergo

TO ARBEIDSGRUPPER har vore i sving for å utgreie utfasing av teljedato på storfe, og heller bruke Husdyrregisteret som grunnlag for utbetaling av produksjonstilskot. Kanskje kan det skje frå neste år av. Det er på tide. Så digitalisert som norsk husdyrproduksjon er, bør det å telje dyr to gonger i året, vere overflødig. Me skal ha talet på dyr 365 dagar i året i Husdyrregisteret, så kvifor ikkje bruke desse.

MED EIT SLIKT SYSTEM vil bønder sende dyr til slakt når dyra er slaktemodne, og ikkje la dei gå ei veke eller fem ekstra, for å få dei med på den rette sida av teljedatoen. Dette løyser sikkert ikkje alle problema, eller alle sine problem, men då får ein heller angripe problema som gjenstår, på anna vis. Ei utfordring som slakteria strevar med, er mangel på storfeslakt i perioden fram til teljedatoen, og opphoping av innmelde slaktedyr i perioden etterpå. Denne problemstillinga blir borte om me tel dyr kvar dag, året rundt, i staden.

Annonse

OG DET ER IKKJE NØDVENDIG å stoppe der. All jorda i Noreg er analysert og kartlagd. Det er ikkje lenger nødvendig å dele jorda inn i eit grovmaska nett med åtte geografiske soner. Sone 1 og 2 er definert som sjølve indrefileten. Her har ein bonde som utgangspunkt at jorda er så god, at ein ikkje har nokre ulemper samanlikna med jord andre stader i landet. Litt forenkla sagt tilhøyrer områda rundt Oslofjorden og austsida av Mjøsa, sone 1, mens Jæren tilhøyrer sone 2. I desse to sonene får ingen arealtilskot. I motsett ende har me Finnmark i sone 7 og Nordland og Troms i sone 6. Her er driftsulempene fleire og store.

PROBLEMET MED DENNE INNDELINGA er at den er grovmaska og urettferdig. Det er ikkje all jord i sone 1 som eignar seg til korndyrking. For eksempel er det null arealtilskot å hente for ravinedalar, som ikkje eignar seg til anna enn beiting. Eit gardsbruk med 800 dekar dyrka jord kan ha jord i fleire jordressursklassar, med ulikt jordsmonn og av ulik kvalitet. Den beste jorda kan vere eigna til å dyrke grønsaker, salat og matkveite på, mens det berre er gras som kan vekse på dei dårlegaste areala. Og med alle sjatteringar mellom desse ytterpunkta.

EIN DEL AV dei same problemstillingane finst sjølvsagt også i andre delar av landet. Jorda på Lista, i sone 5A, kan vere meir lik jorda i sone 1 på Ringsaker, 55 mil unna, enn ho er lik jorda i Hægebostad, fem mil lengre inn i landet. I Trøndelag går det for eksempel eit skilje gjennom Indre Fosen kommune, der Rissa tilhøyrer sone 4, mens Leksvik og Verran tilhøyrer sone 5A. Eit økonomisk tilskot for eit gardsbruk på den eine sida av grensa, eit anna for gardsbruket på den andre.

EG ER KLAR OVER dei politiske innvendingane mot å endre på arealsonene, der tilskota blir tilpassa det jorda faktisk er i stand til å yte. Bønder har tilpassa drifta og økonomien etter desse arealsonene i fleire tiår. Når nokon vinn på ei omlegging, vil andre tape. Det beste argumentet mot å gjere endringar, er at det vil skape storm. Korleis Norges Bondelag ville ha klart seg gjennom ein slik storm, er eit ope spørsmål, og det er kanskje derfor dei sit så stille i båten. Spørsmålet er om me i lengden kan leve med ein struktur som er grunnleggjande urettferdig, for å behalde politisk ro, når me har data og fakta om både dyr og jord tilgjengeleg i sanntid?

Neste artikkel

Kapital er kommet for å bli