Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Full fyr i fôret

Kvifor har ingen forska på bruk av biologiske ensileringsmiddel?

Sporar og ensilering viste seg å vere eit brennbart tema. Det fekk eg erfare etter å ha skrive om at Tine Rådgiving justerer på råda sine etter at dei gjennomførte eit sporeprosjekt i fjor.

Saka på norsklandbruk.no var laus­riven frå artikkelen om Arne og Sven Gunnar Kolnes sin veg ut av sporeproblema. Dei oppdaga at eit biologisk ensileringsmiddel gjorde slutt på sporeproblema dei sleit med i åtte år, og funna i Tine Rådgiving sitt sporeprosjekt støtta deira konklusjon. Biologiske ensileringsmiddel fungerte like godt mot anaerobe smørsyrebakteriar som Kofa-produkt gjer.

Nettartikkelen førte ikkje berre til varmgang i debatten, men til full fyr i fleire leirar. På den eine sida hadde ikkje Tine sine rådgjevarar høyrt om den nye kunnskapen, og blei gjerne ståande svar skuldige når ivrige bønder ringte og ville vite meir. På den andre sida var det bønder som opplevde at artikkelen spora enkelte seljarar av biologiske ensileringsmiddel, til å bli ivrige i marknadsføringa.

Det store spørsmålet er om Tine Rådgiving har fagleg grunnlag for å justere råda sine. I undersøkinga er 695 hygieneprøvar, tatt hos produsentar som i utgangspunktet sleit med sporteproblem, analysert og tolka. Dette var aldri meint å vere eit forsøk med forskaren sine krav til metode og vitskapleg presisjon.

Når kritikken mot Brodshaug og Tine Rådgiving er at dei ikkje har vitskapleg grunnlag for å justere råda sine, blir problemet fort at det manglar forsking. Viss me skal vente på forskarane sine råd, kan ein heil generasjon mjølkeprodusentar både ha overtatt garden og gitt den frå seg til neste generasjon, før forskarane trekk konklusjonen om rådgjevarane skal tilrå det eine eller andre ensileringsmiddelet. Eit godt vitskapleg grunnlag krev at ein kjem til liknande konklusjonar i fleire forskingsprosjekt. Det tar mange år. Utfordringa i dag er at det har blitt forska lite på ensileringsmiddel og sporar dei siste åra, og nye prosjekt står heller ikkje i kø, om eg har oppfatta det rett.

Annonse

Kanskje det er grunn til å stille spørsmål ved kor uavhengig forskinga har vore, om me forskar på dei rette problemstillingane og kvifor me eventuelt ikkje gjer det.

Me kan kanskje koke dette ned til at det har blitt forska altfor lite på kva ensileringsmiddel som fungerer best under ulike forhold, i kva slag vêr og mot ulike typar forureining. Då Kolnes-brørne ba om råd for å løyse sine sporeproblem, var rådgjevarane like rådville som dei sjølv. Dei fekk høyre at dei skulle bruke nok syre, vaske den nye fjøsen, klippe jura og slå med høg stubb. Ingen visste med andre ord om det var forureining eller gjæringa i graset som var problemet.

Etter å ha leika med elden, vore med på brannslokking og rydding på branntomta, er det kanskje overmodig å kaste ein ny brannfakkel. Likevel: Kanskje det er grunn til å stille spørsmål ved kor uavhengig forskinga har vore, om me forskar på dei rette problemstillingane og kvifor me eventuelt ikkje gjer det.

Ein ting er at det har blitt forska for lite på sporar og ensilering generelt. Det er alle einige om. Noko anna er det at biologiske ensileringsmiddel har vore på marknaden i mange år, utan at forskarar har interessert seg for dei. Og har det vore interesse i å forske, har i alle fall ikkje pengane til å finansiere forskinga vore der. Spørsmålet er om det kan ha samanheng med at ingen store aktørar i næringa har hatt interesse av det.

Problemet til rådgjevarane som møter bøndene, har vore at dei ikkje har hatt andre svar enn dei har fått frå forskarane. Nå har me ikkje tid til å berre vente på at forskarar skal starte, avslutte og konkludere før me går vidare. I mellomtida treng me fleire uavhengige prosjekt av den typen Tine Rådgiving gjennomførte i fjor.

Forsøk som bøndene gjennomfører sjølv, og som andre kan samle inn data om og bruke til å finne eller avkrefte samanhengar. Så får me leve med at me ikkje nødvendigvis forstår korleis og kvifor ting skjer. Fleire sporeprosjekt og meir forsking, takk.

Neste artikkel

Endeleg på sporet