Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Kampen om historia

Tenk deg at du vaknar til meldinga om at maten du produserer på tradisjonelt norsk vis, plutseleg er farleg.

Foto: Even Mangerud

Ikkje på grunn av spesielle hendingar, men fordi nokon har sådd ein mistanke om at maten du produserer, er helsefarleg å ete.

Tilliten som me er så avhengige av, svinn vekk, og ingen skjønar heilt kvifor. Mattilsynet sine forsikringar om at maten er like trygg som før, når ikkje gjennom stormen på sosiale medier. Ikkje alle er redde eller trur på bodskapen, men folk blir likevel usikre. Kanskje bestemmer dei seg for å droppe mjølk og mjølkeprodukt ein periode for å vere på den sikre sida. Kanskje er det kornprodukt, svinekjøt, poteter eller noko anna det går ut over.

Så veldig utenkeleg er ikkje scenarioet. Det veit norske kyllingprodusentar av erfaring. Salet av norsk kylling stupte etter medieoppslag om antibiotikaresistente bakteriar i 2014 og 2015. Ingen hadde blitt sjuke, men det blei likevel skapt frykt. Sjølv om kyllingnæringa hadde ein plan for å slutte med narasin i kyllingfôret, måtte planen framskundast. Om ein ser vekk frå dei som mista levebrødet sitt fordi etterspurnaden etter kyllingkjøt fall som ein stein, var me tilbake til normalen etter to-tre år. Dokker kjenner historia.

Det som uroar meg, er den kollektive mangelen på kunnskap om korleis me produserer maten vår, og kva kunnskapsmangelen kan føre til. Kunnskapen som skal vere ein vaksine mot irrasjonell frykt. Me har blitt flinkare til å fortelje folk om maten me produserer, men me har ennå ein lang veg å gå.

Annonse

For at folk skal stole på maten me produserer, er det viktig at dei har kunnskap om han og om historia. Historia om korleis ny teknikk, nye innsatsfaktorar og endra genmateriale hos planter og dyr har gjort at bønder produserer stadig meir, betre og tryggare mat.

Eg har ein sterk mistanke om at tema i historieundervisninga ikkje har endra seg dramatisk sidan eg sjølv var elev. Ho tar for seg utviklinga kronologisk, langs ei tidslinje, med tidsepokar, politikk og personar. Det er steinalder, antikken, vikingtida og middelalderen. Jo nærare me kjem vår tid, jo meir detaljert, med mellomkrigstida og andre verdskrigen som høgdepunkt.

Ei av dei viktigaste årsakene til den europeiske og norske utvandringa til Amerika, var at den gamle verda ikkje greidde å brødfø eit veksande folketal lenger. Verst var hungersnøden i Irland då potetavlingane svikta, men også i Noreg var det smalhans for mange. To verdskrigar bidrog til at utvandringa frå Europa avtok etter at krigsstøvet hadde lagt seg. Det var færre folk å fordele maten på. Men like viktig var det at europeiske bønder bidrog, ved å auke matproduksjonen slik at det var nok mat til alle.

Mineralgjødsla, som Norsk Hydro var først i verda til å produsere, bidrog til å auke avlingane. Me fekk plantevernmiddel som haldt sopp og insekter i sjakk, og berga avlingar frå å bli øydelagde, og forskarar avla fram planter som gav større avlingar og dyr som produserte meir kjøt, fordi dei utnytta fôret betre. I 1970 fekk den norskætta amerikanaren, Norman Borlaug, Nobels fredspris. Han utvikla kveitesortar som var tilpassa lokale vekstforhold, og bruken av dei nye kveitesortane gjorde at mange land blei sjølvberga med korn. Den grøne revolusjonen hans har berga mange hundre millionar menneskeliv.

Om eg samanliknar utviklinga i kvalitet og utval på råvarer produserte av norske bønder i løpet av mitt snart 50-årige liv, har den vore enorm. Når me har fått det så godt som me har det, er det kanskje lett å gløyme kvar me kom frå. Særleg for alle dei som ikkje har eit forhold til matproduksjon, og dei blir det jo stadig fleire av. Jo fleire som manglar kunnskap om matproduksjon, jo betre vilkår har dei som lagar falske nyhende, anten dei er laga på misforståingar eller av vond vilje.

Neste artikkel

Å balansere i spagaten