Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Klimakalkulatoren som reknar feil

Danske daglegvarekjeder vil endre forbrukarvanar med ein feilprogrammert klimadatabase.

I DANMARK KAN COOP-KUNDAR nå lese av sitt klimaavtrykk i Coop-appen. Bloggar og forfattar, Cana Buttenschøn, forklarer i ein reklamefilm korleis alle våre handlingar set klimaavtrykk. Appen viser at 13 meierivarer ho har handla, står for 38 prosent av familien sitt klimaavtrykk den veka, mens dei fem innkjøpa av kjøt og fisk står for 22 prosent. Objektiv informasjon seier den grøne tenketanken Concito, som har utvikla klimadatabasen for Salling-fondene. Salling-fondene eig også daglegvarekjedene Føtex, Bilka og Netto. Men kva viss sjølve grunnlaget for modellen som blir brukt til å rekne ut klimaavtrykket, er heilt feil for nokre matvarer?

LA OSS SJÅ PÅ nokre eksempel frå denstoreklimadatabase.dk. Der er det opplyst at ein kilo fint brød, gir eit utslepp på 0,74 kilo CO2-ekvivalentar (CO2e) i atmosfæren. Eit klart og konkret tal som miljø- og klimamedvitne forbrukarar kan bruke når dei skal handle. Landbruket står for halvparten av klimaavtrykket til brødet, mens den andre halvparten er fordelt på det indirekte avtrykket frå jobben med å bake brødet, emballere det og transportere det.

SLIK ER KLIMAAVTRYKKET til i alt 500 daglegvarer rekna ut og lista opp i databasen. Såvel drikkevarer som godteri er inkludert. Og sjølvsagt kjøt, meierivarer, frukt og grønt og mykje anna me et. Her kan det for eksempel vere verd å legge merke til at klimaavtrykket til pulverkaffi, er meir enn tre gonger så høgt som klimaavtrykket til filtermalt kaffi: 10,11 mot 3,18 kilo CO2e. Så lett er det altså å bli meir miljøvennleg: Ein skal velje kaffi til kaffitraktaren eller kaffikjelen, og ikkje den lettvinte løysinga med to teskeier pulver i ein kopp med varmt vatn.

PÅ DETTE VISET skulle ein tru at ein kan samanlikne epler og pærer, sidan begge er plantevekster og blir dyrka, hausta, pakka og transportert ganske likt. Men i databasen har eit kilo pærer fått eit klimaavtrykk på 0,38 kilo CO2e, mens epler har 0,66 kilo CO2e. Nesten dobbelt så høgt. Det viser seg at eplene er langreiste, mens pærene er kortreiste. I alle fall utgjer transport nesten heile forskjellen mellom dei to. Men det må du inn i den detaljerte forklaringa i databasen for å finne ut. Så har ein kanskje samanlikna epler og pærer på den gamle måten likevel?

Annonse

MEN DET ER når me kjem til kjøt og meieriprodukt, dei store problema oppstår. For korleis kan det ha seg at ein kilo «oksemørbrad, afpudset, rå» har eit klimaavtrykk på 151,95 kilo CO2e, mens ein kilo mørbrad av gris er oppgitt å ha eit klimaavtrykk på 5,80 kilo CO2e? Den grøne tenketanken seier ingenting om kva formlar dei har brukt for å rekne ut klimaavtrykket, men gjer det klart at dei brukar GWP100-metrikken. Fordi det er den mest gjengse. Dei brukar altså ikkje GWP*-metrikken for å rekne på utslepp av husdyrmetan, sjølv om han er laga for å rekne på oppvarmingseffekten metan har i atmosfæren.

TENKETANKEN BIDRAR med andre ord med tanketenkefeil når dei ikkje er opne om korleis dei reknar ut klimaavtrykket. Og den feilen er medviten. Feilen fører til gale svar om klimaavtrykket i Coop-appen, som kan endre forbrukarane sine matvanar på heilt gale premiss. I vitskapen har ein heile tida vore klar over at GWP100 ikkje målte oppvarmingspotensialet til metan rett. GWP* kom først i 2018. Først då fekk me eit verktøy for å måle den reelle effekten metan har på temperaturen i atmosfæren. Så kvifor ikkje bruke den i staden? Viss ein meiner at forbrukarane skal kutte i kjøtforbruket, må det vere av andre grunnar enn ei feil framstilling av klimaavtrykket.

Neste artikkel

Profilen: Kuforsvareren