Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Kva kan me lære av koronakrisa?

LÆRDOM: Er ein av lærdommane frå koronakrisa at me må auke matvaretryggleiken? Arkivfoto: Sjur Håland
LÆRDOM: Er ein av lærdommane frå koronakrisa at me må auke matvaretryggleiken? Arkivfoto: Sjur Håland

Stenger ned! Heile fronten på Dagbladet rullar i raudt og svart. Statsminister Erna Solberg, live på pressekonferanse, forsikrar om at styresmaktene har alt under kontroll.

Noreg har stengt ned. Grensene er til alle praktiske føremål lukka. Det har gått rykte om at nokre butikkar i Oslo sentrum, er tomme for kveitemjøl og smør. På spørsmål frå hovudstadspressa svarar statsministeren at det IKKJE er nødvendig å hamstre. Ho har sjølvsagt tapt. Eit klarare signal om at hyllene snart er tomme for bakevarer, finst knapt.

Då det kokte som mest nokre hektiske koronadagar i mars, var det mykje som var svært uoversiktleg. Så snart nokon sa at det ikkje var noko poeng å hamstre, så starta hamstringa. Ein skulle nesten tru folk kjøpte dopapir som verdipapir. Butikkane gjekk også tomme for kveitemjøl og andre varer som toler å lagrast.

Det er nok lurt å skaffe seg dei sakene Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap (DSB) seier at me bør ha i hus, i tilfelle ei krise. Innhaldet på denne lista skal sørge for at me greier oss i tre dagar. Kvar person i husstanden skal ha: Ni liter vatn, to pakkar knekkebrød, ein pakke havregryn, tre boksar middagshermetikk eller tre posar tørrmat, tre boksar pålegg som er haldbare lenge, nokre posar tørka frukt eller nøtter, kjeks og sjokolade. Eg nøyer meg med å liste opp matvarene på lista. Andre ting må til for å sikre lys og varme.

Annonse

Heldigvis var det ingen grunn til å hamstre. Dei tomme hyllene blei fylte opp igjen over natta. Det var varer på lageret, og det fanst eit apparat bak som forsynte butikkane med nye varer. Akkurat slik både styresmaktene og daglegvarekjedane sa. Så snart folk fekk tillit til at butikkane ikkje ville gå tomme, slutta hamstringa. Godt for oss som ikkje oppdaga at folk frykta do­­papirmangel, før det var for seint på dag ein.

Men koronakrisa har vore ei type krise som utløyste ei mild hamstring av mat- og daglegvarer på individnivå nokre dagar. Kva krise me står oppi neste gong, skal ikkje eg spå om. Det me kan og bør lære av koronakrisa, er at me bør vere førebudde på å takle ulike typar kriser, og i vår bransje handlar det om mat. Om nokon skulle finne på å lage ei prioritert liste over kva me treng for å overleve i kortare eller lengre tid i dette landet, så vil mat komme høgt på lista. Akkurat det vågar eg å spå om.

Den neste krisa kan fort handle om mat. Anten fordi forsyningslinjene til Noreg blir forstyrra, eller fordi land me importerer enkelte matvarer ifrå, stoppar eksporten for å sikre sitt eige folk. Det har i alle fall koronakrisa lært oss: Me kan alle ta ganske ekstreme verkemiddel i bruk for å verne vårt eige folk mot ei fare utanfrå. Somrane for to og tre år sidan lærte ein ny generasjon bønder at det er lurt å ha ein buffer med grovfôr i tilfelle tørke eller liknande. Det er slett ikkje sikkert me kan importere gras eller kompensere med kraftfôr ved neste krise.

På same måte må me lære om menneskemat. Me bør for eksempel ha ein buffer med korn, slik at me kan komme oss gjennom ei krise, og vere mindre avhengige av kortsiktige leveransar over landegrensene. Det viktigaste er eit lager av korn. 50 millionar kroner til å byggje eit kornlager og ti millionar i året til drift, er ei så billeg forsikring at det er vanskeleg å forstå at politikarar kan seie nei. Den dagen me måtte trenge eit slikt kornlager, vil det sjå latterleg billeg ut. På same måte må me gå kritisk gjennom kva matvarer me kan produsere sjølv.

Neste artikkel

Fikk alternativ hjelp i lamminga