Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Løft ammekunæringa

Underdekning av storfekjøt har ført til at me har gitt frå oss arbeidsplassar i landbruket i 20 år. Det kan me gjere noko med.

Arkivfoto: Norsk Landbruk
Arkivfoto: Norsk Landbruk

Mens folk som ønskjer å starte med mjølk, gris, egg eller kylling, raskt stangar i kvote- og konsesjonsregelverk, og sau i periodar slit med overproduksjon, har me dei 20 siste åra ikkje greidd å produsere nok storfekjøt. Dei ti siste åra har det blitt importert 178 000 tonn, og i år importerer me 17 000 tonn. Grovt rekna tilsvarar det 60 000 storfeslakt i året i snitt. Også i år. Noreg har forhandla eller gitt vekk kvoter på 9 000 tonn i året. Det forklarar uansett berre halvparten av underdekninga.

Kvifor greier me ikkje å produsere det storfekjøtet norske forbrukarar etterspør? Kvifor snakkar landbruket sjølv så lite om det? Me gir vekk hundrevis av arbeidsplassar i både landbruket og vår eigen næringsmiddelindustri i distrikta. Her er det minst to viktige debattar: Ein som handlar om maktbalansen i faglaga, og ein som handlar om kanaliseringspolitikken. Og sjølvsagt grip dei inn i kvarandre.

For sist me produserte nok storfekjøt, kom nesten alt storfekjøtet frå mjølkeproduksjonen. Ammekunæringa var i den spede starten i Noreg. Så har det blitt færre storfe å slakte, fordi me treng færre mjølkekyr. Avdråtten har gått opp og forbruket av mjølk ned. Og veksten i talet på ammekyr har vore for liten til å kompensere for dette.

Annonse

Samstundes har me hatt ein kanaliseringspolitikk for å leggje til rette for at områda der forholda er eigna for kornproduksjon, skal produsere korn, mens dei grovfôrkrevjande produksjonane i hovudsak skal halde til i distrikta. Mellom anna har me delt landet inn i ulike tilskotssonar, som skal gjenspegle og kompensere ulike føresetnader og ressursar. Men som med alle slike ordningar endrar vilkåra og føresetnadene seg over tid, og då tilpassar bønder seg. Me har fått sonar langs vassdrag der det ikkje skal dyrkast korn, og mindre teigar som tidlegare blei drivne høveleg effektivt, med små maskinar og høg arbeidsinnsats, og som i dag har blitt for tungdrivne og lite lønsame. Dei kastar verken av seg i avling eller kroner, og over tid har denne jorda blitt meir lønsam å dyrke gras på.

Nokre av spørsmåla landbruket og politikarane må ta stilling til, er kor mykje me skal leggje til rette for å stimulere ammekuproduksjonen. Skal me tydeleggjere at me ikkje ønskjer ammekuproduksjon i sone 1? Kva slags interne kampar i landbruket får me av dette? Er det ein kamp om me skal auke storfekjøtprodusksjonen i Noreg, eller er det ein kamp for å styre den produksjonen me har? Er det ein kamp mellom Austlandet og distrikta? Er det ein kamp mellom dei store og dei små?

Etter mitt syn er det uansett ein kamp på feil føresetnader og premissar. Det er viktig å utnytte landbruket sine ressursar i heile landet, og også i korndistrikta på Austlandet er det areal som ikkje eignar seg til kornproduksjon. Område som vil gro igjen utan beitedyr og grasproduksjon. Det vil vere ressurssløsing og svært dårleg reklame for landbruket i områda der det bur flest folk. Digitale kart gjer det enkelt å lage heilt nye og meir finmaska kart og sonar for tilskot.

Så må ammekunæringa sjølv strebe etter ein produksjon og eit system, der dyra utnyttar ressursar som verken menneske eller andre dyreslag kan utnytte betre. Me må utnytte beiteressursane over heile landet i sommarhalvåret og fôre dei på grovfôr i vinterhalvåret.

NB! I papirutgåva i nummer 19 av Norsk Landbruk står det at Noreg importerer 60 000 tonn storfekjøt i år. Det rette talet er sjølvsagt 17 000 tonn, og at dette tilsvarar om lag 60 000 slakt.

Neste artikkel

Profilen: Organisasjonsbyggeren