Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Me treng noko å tru på

Er det optimisme og framtidstru å spore under Agroteknikk?

I SKRIVANDE STUND er det eit par veker til mange av oss har planar om å reise til Lillestrøm på landbruksmesse. Eg kryssar fingrane for at ikkje nye covid-tiltak set ein stoppar for messa i siste liten. På siste Agroteknikk i 2018 var det 34 000 som løyste billett til messa. I dag verkar det ganske fjernt at Bård Hoksrud på den tida var midtvegs i sin korte periode som landbruksminister. Den perioden varte frå august 2018 til januar 2019. I alt sat Frp med landbruksministeren i fem og eit halvt år, men ironisk nok var det etter at Frp hadde forlate regjeringa, at #Bondeopprør2021 bygde seg opp. Under Agroteknikk 2018 var det framleis rimeleg god stemning, og utstillarane rapporterte om godt sal.

I DEI ÅRA som har gått sidan forrige Agroteknikk, har det skjedd store ting som har påverka landbruket. Slutten for Jarlsberg-eksporten førte til overskot av mjølk, reduserte kvoter og ein ekstraordinær runde med statlege oppkjøp av mjølkekvoter. Så kom det brått ei endring i spelereglane då korona slo til, mens mange vurderte om dei skulle selje kvota eller ikkje. Plutseleg var det ikkje nok norsk mjølk. Ikkje kjøt heller for den del. Stengde grenser gjorde at etterspurnaden etter norske matvarer auka. Det ein tapte i omsetnad til storhushaldningar, blei tatt igjen, og vel så det, på auka sal i butikkane.

Annonse

PÅ EI ANNA SIDE har me fått merke kor avhengige landbruket er av utanlandsk arbeidskraft, og spesielt kor sårbare me er når avlingane skal i hus. Likevel er det norske landbruket innretta slik at det ikkje slår ut i dramatisk høgare prisar på mat. I alle fall ikkje på same måte som det har slått ut på prisane på byggjevarer, som stål, betong og trevarer. Prisen på soya og andre kraftfôrråvarer har eksplodert, mineralgjødsel er så dyrt å produsere, at Yara stenger produksjonen, og me har høyrt om prisar på importert I-mek, som nærast har auka med 20 prosent ein gong i månaden. På verdsmarknaden har matvarer auka med rundt 30 prosent det siste året.

I 2021 KULIMINERTE ALT i eit enormt kraftfullt bondeopprør, og styrken i opprøret tok dei fleste på senga. Me kjenner historia om staten sitt tilbod som blei ståande urørt, og om kompensasjonen på 754 millionar kroner, som blei forhandla fram etter regjeringsskiftet. Der står me nå. Under siste Agroteknikk var det god stemning, både blant publikum og utstillarar. Så kan ein alltid stille spørsmål ved kva som var årsaka. Det kan jo vere at ein del av investeringa skal tenast inn utanfor landbruket, eller må gjerast fordi ein tidlegare har tatt eit vegval og sett seg i gjeld. Eller det kan vere eit uttrykk for at det framleis finst ukuelege optimisme og framtidstru.

DET FINST BÅDE UNGE OG ELDRE som elskar å jobbe med dyr. Som elskar å få det til å spire, gro og vekse. Som elskar traktorar, maskinar og teknikk. Me skal ikkje ha folk som investerer under falske føresetnadar, men me treng optimisme og framtidstru. Håpar framtidstrua er der, for det treng alle oss som lever av dokker bønder. Og utan oss blir det også vanskeleg å vere bonde.

Neste artikkel

Rekordmange besøkende