Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Ønskjer ein nykommar velkommen

Rett før sommaren kom meldinga som overraska og sjokkerte mange som går med planar om å byggje ny fjøs: Gråkjær trekk seg ut av den norske marknaden.

GRÅKJÆR LOVA å stå ved alle inngåtte avtalar, men sa nei til nye. Danskane fann det ikkje lenger lønsamt å byggje fjøs i Noreg, og hadde ikkje nok tru på at det ville endre seg med det første. Derfor bestemte dei seg for å konsentrere seg om heimemarknaden i staden. Me merka at saka engasjerte og interesserte norske bønder, for saka blei ein klikkvinnar på nett. Det same ser me enten saker om fjøs handlar om vellykka eller mislykka bygg, om fjøset har vore ei velsigning eller om det rustar sund. Det finnes noko å lære av alle prosjekt.

DEI SISTE MÅNADENE har Norsk Landbruk gitt lesarane våre reine tal for pengane. Me har gått inn i dei harde tala, for å vise kva bønder har fått for pengane og arbeidsinnsatsen dei har lagt ned. Det er ikkje alltid det heilt store, noko også årets bondeopprør har vist. Dei siste åra har korona og andre uheldige omstende i tillegg rota til verdsøkonomien, og ført til enorme kostnadsaukingar både på drift og investeringar. Fleire gonger dette året har prisane gjort gigantiske hopp. Me har mellom anna sett at prisen på stålinnreiing til fjøs, har auka så mykje at produsentane har sendt arbeidsstokken heim. Ingen vil kjøpe I-mek som er meir enn 50 prosent dyrare enn han var for eit halvt år sidan. I tillegg har barkebiller og koronatiltak blåst opp prisane på trevarer. At me i tillegg skulle få mindre konkurranse mellom entreprenørane på den norske fjøsmarknaden, var dobbelt uheldig.

Annonse

MEN NOKON VÅGAR likevel å tenke langsiktig og satse på norsk landbruk. Berre veker etter at Vegard Schanche fekk i oppgåve å avvikle sin eigen arbeidsplass i Noreg, var han i ny jobb hos nyetablerte BRI Landbruksbygg. Den offensive jærbuen Bjørn Rygg vil ikkje berre selje traktorar og reiskapar til norske bønder, men også byggje fjøs. Det var noko alle i bransjen trengte: Ein ny utfordrar med både friske idear og økonomiske musklar. Eg er sikker på at dette skjerpar konkurranseinstinktet hos både Felleskjøpet, Fjøssystemer og alle andre som kjempar om oppdrag for norske bønder. Sjølv om det stormar i og rundt landbruket, er ikkje dette tida for å liggje lenge på vêret.

NOKO AV DET MEST SPENNANDE med Bjørn Rygg er hans tru på at små og mellomstore bruk også har ei framtid. Det viste han tydeleg då han kjøpte rettane til å produsere Underhaug sine gamle patentar. For det har blitt ei utfordring for mange at nye reiskapar og maskinar har blitt så store og dyre, at dei ikkje eignar seg for norske forhold. Dette skjer samstundes med at me står ved starten på ein robotrevolusjon, som faktisk er å tilpasse vårt landbruk.

I ALL SIN KOMMUNIKASJON til bøndene er Bjørn Rygg klar på at han vil jobbe med konseptutvikling, standardisering og serieproduksjon av landbruksbygg. Det skal redusere kostnadene og få ned prisane. Og det er spennande. I alle mine 16 år som landbruksjournalist har eg høyrt snakk om at me burde standardisere fjøsbygg meir, men at det er så vanskeleg. Det er berre å ønskje lukke til – til alle i landbruksbransjen. Standardisering og A4-løysingar høyrest kanskje kjedeleg ut, men om det betyr gjennomtenkte løysingar, og at ein ikkje gjer same feilen fleire gonger, kan det vere ein god ting.

Har du noe på hjertet?

Neste artikkel

Senker terskelen for robot og løsdrift