Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Robotane kan gi ein fordel

Ny teknologi kan kompensere for ulempene norsk landbruk har.

Då underteikna starta som teknikkjournalist i Norsk Landbruk for 14 år sidan, var det ein del av jobben å reise på landbruksmesser og presentasjonar når John Deere, AGCO, CNH og andre produsentar skulle vise fram siste nytt på maskinfronten. Spenninga var alltid om dei ville vise noko som var interessant for norske bønder. Det var ikkje alltid tilfelle. Maskinene var ofte tre-fire hakk over det gjennomsnittsbonden i Noreg var interessert i. Då skreiv me gjerne om utstyret, fordi det var eit peik om kva teknologi som ville komme på mindre maskinar om eit år eller fem.

Meir enn ein gong fekk eg meg ei overrasking som motbeviste tesa om at alt stort var for stort for Noreg. Som turen til Belgia der New Holland viste fram sin nye treskar med 30-fots skjærebord, GPS, autostyring og ein teknologi som gjorde at servicefolk kunne logge seg på datamaskina i treskaren frå kvar som helst i verda, for å ordne opp i feil. Det var både fascinerande og interessant å høyre om, sjølv om Murphys lov om at alt som kan gå galt, gjekk galt for produktsjefen under presentasjonen. Ironisk nok knelte nettet på hotellet, slik at datamaskina i treskaren ikkje fekk kontakt med servicekontoret. Men pytt, dette var uansett ikkje noko for norske kornbønder. Eitt år seinare, eller kanskje to, treska ein av dei første 30-fots treskarane til New Holland korn i Trøndelag.

Annonse

Nå seier teknologioptimistar at me står framfor ein skikkeleg gamechanger, eller ei teknologisk omvelting som kan endre spelereglane, om me seier det på godt norsk. Kanskje er det ikkje lenger slik at alle maskiner må bli større, kraftigare og tyngre for å gjere landbruket meir effektivt. Kanskje er det ikkje nødvendigvis i traktoren teknologien skal sitte. Når store produsentar seier at Noreg er den beste marknaden for GPS og auto­styring, seier det alt om at norske bønder også er blant dei mest modne for å ta i bruk robotteknologi.

Fordelen til roboten er at han kan jobbe til alle døgnets tider, sju dagar i veka. Så lenge han får påfyll av energi, service og vedlikehald, arbeider han utan å klage. Med sjølvlæring blir han berre flinkare i jobben sin, jo meir rutineprega oppgåvene blir. Og best av alt: Han veg ein fjerdedel av ein Gråtass og etterlèt seg mindre marktrykk enn ein fjording.

Den første generasjonen robotar veg gjerne rundt 300 kilo og har styring på alle fire hjul. I praksis er det ein tre meter brei redskapsberar med svært lågt tyngdepunkt. Tre meter er også standard arbeidsbreidde for vanlege landbruksmaskiner. Vil du doble arbeidsbreidda, femdoblar du samstundes prisen. Då kan du heller ha to robotar, med kvar sin tremeters maskin. Så får me sjå etter kvart om kartet stemmer med terrenget. I arbeidsintensive produksjonar, som jordbærproduksjon, er norske robotar under testing i både UV-behandling og jordbærplukking. Gevinsten ved å lykkast, vil vere enorm.

Viss me også lykkast med å lage robotar som kan drive nødvendig jordarbeiding, så, gjødsle, sprøyte, luke og hauste, eller i det minste utføre nokre av desse oppgåvene, har me komme eit langt steg vidare. Då kan me redusere ulempene ved å drive matproduksjon i Noreg ganske kraftig. Teigar som har blitt uinteressante å drive, kan plutseleg bli drivverdige igjen. Det er godt nytt for matproduksjonen og for norske bønder.

Neste artikkel

Rødfis i dyrevelferdsbomba