Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Rødfis i dyrevelferdsbomba

Dei færraste brydde seg om bomba som tikka på Jæren. Truleg fordi skadepotensialet var så avgrensa. Men smellet gjorde likevel vondt.

Då professor og rektor for Høgskulen for landbruk og bygdeutvikling, Dag Jørund Lønning, detonerte ein blogg om dyrevelferd, skremte han opp heile Jæren og litt av kongeriket med. Etter å ha fortalt om at hanen Hentur hadde avlidd naturleg i ein alder av ti år, small det i samanlikninga med annan høne- og kyllingproduksjon. Han blei skildra som milliardar på milliardar med dyr som lever på eit minimum av plass, og utan nokon sinne å sjå blå himmel eller grønt gras. Og ikkje nok med det. Lønning trekte også fram den britiske filosofen David Cooper, som kallar skjebnen til husdyr verda over, for eit evig­varande Treblinka.

Det skapte sjølvsagt sterke reaksjonar. I eit intervju med Bondebladet meinte professoren seg kraftig misforstått. Det var ikkje han, men filosofen Cooper som brukte Treblinka-analogien. Kommentator Hans Bårdsgård oppsummerte intervjuet med Lønning med følgjande treffande ord: «Han rygger, men hjulene spinner». Seinare følgte Birger Svihus, som er professor i ernæring ved NMBU, opp med ein skarp, fagleg kritikk av Lønning sitt arbeid. I kommentaren skriv han at Lønning lenge har fått ture relativt fritt fram med sitt radikale syn på landbruket, men at han ikkje har blitt tatt alvorleg andre stader enn i landbruksfaget sin periferi.

Annonse

Dyrevelferd er eit ømt nok tema på Jæren frå før, og når han som går aller lengst, er rektor på den skulen som bøndene sjølv finansierer gjennom eit utal landbruksorganisasjonar, ja, då smell det tilbake i Lønning si retning.

Her er me nok ved ein sørgjeleg kjerne. Lønning har blitt møtt med faglig kritikk frå nokre ganske få, for eksempel i denne spalta. Kritikken frå min kollega, Øystein Heggdal, har blitt oversett og overhøyrt, for Dag Jørund Lønning tar ingen fagleg debatt. Han skriv bøker og bloggar i staden. På same måte som medisinarar kvir seg for å legitimere vaksinemotstand ved å gå i fagleg debatt med dei, har fagfolk skydd debattar om Jordboka I og Jordboka II. Truleg har bøkene vore for perifere til at bønder har engasjert seg og tatt faglege debattar med forfattaren.

Påstandane om at bønder øydelegg jorda med måten å drive på, var nok fornærmande, men ikkje nok til at det gjorde vondt. Det måtte påstandar om at dyrehaldet deira er som eit evigvarande Treblinka til, før dei blei sinte og reagerte. Dyrevelferd er eit ømt nok tema på Jæren frå før, og når han som går aller lengst, er rektor på den skulen som bøndene sjølv finansierer gjennom eit utal landbruksorganisasjonar, ja, då smell det tilbake i Lønning si retning.

Spørsmålet er om nokon av reaksjonane er over streken? I ein blogg skriv Dag Jørund Lønning om personangrep, trakassering og mobbing, og refererer til artikkelen og kommentaren i Bondebladet. Det får meg til å lure, for eg kan ikkje med min beste vilje forstå at det som står der, er personangrep. Ikkje er det trakassering eller mobbing heller. Sakene ligg opne på nettet så alle kan lese. Kva Lønning har fått av private meldingar og telefonar, veit eg sjølvsagt ikkje, men eg har leita og spurt på sosiale medier (les; facebook) for å finne eksempel på hets og nedrige kommentarar. Ganske så resultatlause søk. Eg har spurt om hjelp til å finne eksempel, men ikkje fått respons. Det betyr sjølvsagt ikkje at det ikkje finst, men at trakassering, mobbing og nedrige kommentarar flyt fritt i sosiale medium, tillet eg meg å tvile på.

Ein professor og rektor på ein høgskule skal tåle fagleg kritikk. Særleg når han sjølv er tøff i språket. Han må faktisk tole motstand og svare på fagleg kritikk i ope lende. Det ville vore ein god start, men me har erfaring for at det sjeldan skjer.

Neste artikkel

Kjøttparadokset