Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Ta dyrevelferd på alvor

Dyrevelferd var temaet på årets stormøte om landbruk på Jæren.

Men sjølv om senterpartiet sin Geir Pollestad hadde sett fram til å møte landbruksminister Bård Hoksrud til duell på heimebane, var det nok Dyrevernalliansen og Live Kleveland som var tiltenkt rolla som offeret i løva si hule. Så stokka Erna Solberg om korta i regjeringskabalen, slik at hovudpersonane i debatten blei Pollestad og Bollestad, mens konfrontasjonen med Kleveland blei mindre interessant.

Sjølv om olaug Bollestad kan vise til bondeslekt på begge sider av slektstavla, og har vore med å både hesja og måka kuskit i barndommen, er det ikkje landbruks­politikk ho har drive mest med i sitt politiske liv. Som blodfersk minister tok ho då også klokeleg atterhald då ho svarte på kontrover­sielle spørsmål. Tidlegare har regelen vore at ein ny minister skal få hundre dagar på å sette seg inn i politikken på fagfeltet, før journalistar kan forvente særleg til svar. Så tolmodige er me kanskje ikkje med ministerane lenger, men bøndene på Jæren såg ut til å gi Bollestad tid.

Annonse

Pelsdyrnæringa var sjølvsagt raskt på banen og fekk demonstrert at dei er viktigare for landbruket enn talet på pelsdyrbønder skulle tilseie, og strategien deira er todelt: Dei kjempar primært mot forslaget om å leggje ned næringa, og sekundært for ein økonomisk kompensasjon som er til å leve med. Olaug, som ho helst vil bli kalla, gjekk så langt i å støtte pelsdyrnæringa som ho kunne, men svarte det ho måtte svare, på vegne av regjeringa. Det møtte ho respekt for. Det gjorde også Dyrevernalliansen og Live Kleveland. Poenget er at bøndene ikkje gav seg ut i kverulering med Kleveland.

Eg vel å tru på at Dyrevernalliansen er genuint opptatt av at dyr skal ha rett til eit godt og verdig liv, og at dei ikkje vil avvikle all husdyrproduksjon. Men eg meiner at dei manglar bakkekontakt når dei stiller krav som er umoglege å innfri, i investeringar og drift. Saman med Rema 1000 har Dyrevernalliansen laga ei merke­vareordning med eigne garantiar for god dyrevelferd. Eg trur dei som betalar for å få dette stempelet, gjer landbruket ei bjørneteneste. At Coop tok så klar avstand frå det Rema og Norgesgruppen har gitt seg ut på, synest eg er bra. Det bør vere styremaktene og bransjen som lagar standardar og merkeordningar, ikkje interesseorganisasjonar.

I januar blei det avdekka ein slakteri­skandale i Polen. Med skjult kamera dokumenterte TVN24 at sjuke storfe, som knapt kunne stå på beina, blei slakta som menneskemat. Kjøtskjerarane skar vekk svulstar og pakka det som såg ut som friskt kjøt. Korrupte veterinærar gav kjøtet det nødvendige godkjentstempelet. Viss me hevar kravet til dyrevelferd så høgt at prisane overstig betalingsviljen, risikerer me å opne for meir av denne typen illegal matproduksjon. Då har idealistiske dyrevernarar vunne svært lite.

Når det er sagt, skal me ta dyrevelferd på stort alvor. Enkelttilfelle er skadeleg nok, men det er når Mattilsynet avdekkar dårleg dyrehald i større omfang, at me har skaffa oss eit stort problem. Historia har lært oss at me aldri vil finne gullstandarden for god dyrevelferd, og langt mindre nå den. Me når ikkje målet i mjølkeproduksjonen når den siste båsfjøsen er tom for kyr heller. Då har me sett oss nye mål. Om det ein dag blir eit krav at kalven skal gå to-tre månader med kua, veit eg ikkje. Men det er eit urealistisk krav i dag. Ho Olaug vil nok heller aldri ta seriøst stilling til spørsmålet. Då bør ho i så fall ha både kunnskap og erfaring nok til å svare på spørsmål på landbruksmøtet på Jæren.

Neste artikkel

Minner om dyrevelferdsprogram